Linda (59) fekk tunnelvifta i panseret: – Eg hadde maks flaks

GRAVDAL (NRK): Vegvesenet meinte Lyderhorntunnelen var trygg berre timar etter at vifta dundra i bilen til Linda Holm. No er ho sjokkert over at tunnelen måtte stengast likevel.

Vifte i lyderhorntunnelen og bilen som treft av vifta

DUNDRA NED: Vifta i Lyderhornstunnelen losna frå taket og traff først panseret frå bilen, før den spratt opp på taket og vidare bakover.

Foto: Vegvesenet/Privat

– Eg høyrer først ein forferdeleg durelyd. Deretter kjem ein stor, svart skugge over bilen. Eg trudde tunnelen skulle rase saman.

Ei veke er gått sidan Linda Holm (59) berre skulle køyre heim frå kveldsvakt. Dagleg køyrer ho gjennom Lyderhorntunnelen på riksveg 555 i Bergen.

Men midt inne i den 1,1 kilometer lange tunnelen, ramlar ei fleire hundre kilos tung vifte ned frå taket og treff bilen hennar.

– Eg hugsar lite etter at det smalt. Det var bråk, full stopp og røyk. Vifta falt ned på høgre side av panseret, spratt opp på taket og landa i vegen bak bilen.

Linda Holm fekk ei tunnelvifte i panseret på bilen

TRAUMATISK: Linda Holm (59) prisar seg lukkeleg over at alt gjekk bra då ei tunnelvifte falt ned frå taket og trefte bilen hennar.

Foto: Elise Angell / NRK

Utan ei skramme

Holm meiner ho hadde ein fart på 70 km/t då det plutseleg smalt. 59-åringen vart frakta til Haukeland universitetssjukehus.

Etter røntgentaking og fleire prøvar, vart ho liggande natta over for observasjon. Sett bort frå smerter i brystet, kom Holm frå ulukka utan ei fysisk skramme.

– Eg har hatt maks flaks. Bilen er totalvrak. Og eg hadde heldigvis ingen passasjerar med meg. Dei ville fått vifta rett over seg, seier firebarnsmora.

Svært prega

Holm er likevel svært prega over det har ho opplevd. Ho har ikkje vore tilbake på arbeid etter ulukka og ho får hjelp av Livskrisehjelpen ved Bergen legevakt.

– Ikkje i min villaste fantasi kunne eg tenke meg at noko slikt skulle skje. Eg har prøvd å hanskast med sjokket. Første dagane gjekk det bra, men no som det har gått opp for meg har det blitt verre.

Etter ulukka sa Vegvesenet at det var trygt å køyre i norske tunnelar.

Bilen som vart treft av vifta i Lyderhornstunnelen

KNUST: Linda Holm prisar seg lukkeleg over at ho ikkje passasjerar med seg då ulukka skjedde.

Foto: Privat

Har køyrd gjennom tunnelen fleire gonger

Men etter å ha sjekka dei andre viftene i den svært trafikkerte Lyderhorntunnelen, vart den stengd fredag morgon.

Det forargar Linda Holm.

– Eg har fleire gonger denne veka tvunge meg til å køyre gjennom Lyderhorntunnelen for å bli kvitt redselen. Eg har vore heilt utsliten etterpå.

– Då dei stengde tunnelen i dag fekk eg sjokk. Medan eg har køyrd gjennom tunnelen har eg sagt til meg sjølv at det er trygt, fordi Vegvesenet har sagt det. Det er ubegripeleg.

– Det var umogleg for oss å oppdaga feilen på vifta, sa avdelingsdirektør Grethe Vikanes etter ulukka.

Lyderhorntunnelen stengt for vedlikehald av vifter

STENGDE TUNNELEN: Vegvesenet testa ei anna vifte i tunnelen, og fekk same vibrasjonar som på den som fall ned. Dermed vart tunnelen stengd fredag morgon.

Foto: Elise Angell / NRK

Takkar medtrafikantar

Vegen vidare har ho ikkje fått tenkt så mykje på. Mest av alt fokuserer ho på å bli trygg igjen etter ei svært traumatisk oppleving.

Ho rettar ein stor takk til bilistar og naudetatar etter ulukka.

– Heilt vanlege folk kom springande til for å hjelpa meg. Tusen takk for det.