Hopp til innhold

Lilli Bendriss speler gjenferd på Bergens tak: – Rolla er laga for henne

Det var ikkje vanskeleg for Lilli Bendriss å finne inspirasjonskjelder då ho blei beden om å spele spøkelse i musikalen «Hekseringen».

Lilli Bendriss på teaterforestillingen Hekseringen

SPELER SPØKELSE: Lilli Bendriss, kjent frå program som «Åndenes Makt», speler gjenferd i stykket «Hekseringen».

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

– Eg trong ikkje tenketid då eg blei spurt. Eg drøymde om å bli skodespelar då eg var ung, og spelte mykje amatørteater på Hareid, seier Lilli Bendriss.

Ho er gjerne mest kjent som klarsynt i TV-program som «Åndenes Makt» og «Fornemmelse for mord».

Skodespelarkarrieren vart med draumen. Fram til no.

Måndag debuterer 75-åringen som skodespelar i musikalen «Hekseringen» på Fløyen. Ho speler eit gjenferd.

– Kor hentar du inspirasjonen frå?

– Eg besøker jo dei stadig vekk, det er gamle kjende. Det er mi verd. What can I say?, ler Bendriss.

Handlar om sterke kvinner

– Denne rolla er laga for henne, seier teatersjef Jørn Kvist ved Fyllingsdalen Teater om valet.

– Så har det vore spenning knytt til korleis ho greier å løyse rolla. Men det har ho klart veldig fint, legg han til.

Musikalen «Hekseringen» er lagt til året 1665. Over heile Europa blir kvinner peikte ut som hekser og brende på bålet. Også i Bergen.

På scena speler dramatikken seg ut. To barn vil redde si eiga bestemor frå denne skjebnen. «Bergens eiga Kaptein Sabeltann-historie» kallar teatersjefen, med ei jente i helterolla.

Det handlar om sterke, modige kvinner som stakk seg ut den gongen og blei ofra på mest bestialske vis. Det handlar om å tole kvarandre og tole at nokon er annleis, seier Kvist.

Også Bendriss meiner stykket er ei viktig påminning om kor lett vi angrip det som er annleis også i dag.

– Eg får mange hyggelege meldingar, men det er også dei som seier eg jobbar med demoniske krefter. Dei forstår ikkje kva det er. Så set dei alle piggane ut og blir redde. Så det er ei påminning i dag òg. Ikkje la det gjenta seg.

– Framsyninga høyrer heime på Fløyen

Etter ei tid med «koronatørke» er det godt å igjen entre scena på Fløysletten.

– No får vi vere ute og treffe publikum igjen. Rett nok med halv kapasitet, men det blir opplevd som oppriktig publikumskontakt igjen, seier Kvist.

Stykket er spelt fleire gong på Bergenhus festning tidlegare. Dette er andre gong framsyninga blir vist på Fløyen. Med nær 70 framsyningar i sommar kan så mange som 20.000 publikummarar få sjansen til å stykket.

– Det kjennest veldig godt. Og Fløyen er den rette staden. Det er her framsyninga høyrer heime, seier Kvist.