Hopp til innhold

Like mange ser «Lovleg» som «Skam»

FØRDE (NRK): Ungdommar meiner «Lovleg» ser ut til å bli like bra som suksessen «Skam». Den nye serien har like mange sjåarar som «Skam» hadde i starten.

Lovleg

SANDANE: Her ser vi frå ei scene i den nye ungdomsserien «Lovleg» på NRK som blir spelt inn på Sandane i Sogn og Fjordane.

Foto: NRK

– I gjennomsnitt 15.000 personar har sett dei fem første korte episodane av «Lovleg». «Skam» starta på om lag på same nivå, men så auka det kraftig etter kvart, seier Iacob Christian Prebensen, analytikar i NRK si analyseavdeling.

Serien følgjer «Gunnhild», som blir køyrd til eit hybelhus på Sandane av dei overbeskyttande foreldra sine. Der går ho på Firda vidaregåande skule og der skal ho bli kjend med sambuarar og medelevar. Innspelinga på den vidaregåande skulen starta i byrjinga av juni i år og følgjer ungdommane over eit lengre tidsrom.

Korleis er magekjensla di. Kan «Lovleg» bli like populær som «Skam», der det var om lag ein million som såg enkelte av programma?

– Det er nesten ikkje noko som vil bli like populært som «Skam». Det ville vore utruleg hyggeleg med sjåartal som «Skam», men det tørr eg ikkje ein gong tru på. Det blir spanande å sjå korleis sjåartala vil utvikle seg, seier Prebensen.

1. klassingar ved Hafstad vidaregåande skule i Førde

FORNØGDE: Dei fleste av jentene rundt bordet på Hafstad vidaregåande skule i Førde har sett på og likar dei første episodane av «Lovleg».

Foto: Bård Siem / NRK

Positive ungdommar

Dei aller fleste av ungdommane, som NRK treff på i matsalen på Hafstad vidaregåande skule i Førde, har fått med seg ein eller fleire av «Lovleg»-episodane.

– Det verkar som ein god serie for ungdom, der ein får innspel på korleis det er å byrje på vidaregåande skule og flytte vekk. Dette ser like bra ut som «Skam», seier Mirela Zovko (15).

– Det er ikkje berre enkelt å byrje på ein ny skule. Eg kjenner meg igjen i noko av det eg ser i «Lovleg». Skodespelarane er flinke og det verkar ekte, seier Thea Sofie Fleten (16).

Thea Sofie Fleten og Mirela Zovko

SPANANDE: Thea Sofie Fleten (16) og Mirela Zovko (15) synest det dei har sett av «Lovleg» har vore bra.

Foto: Bård Siem

Kjenner på presset

Sjølv om produksjonsselskapet Rubicon frå første stund har poengtert at «Lovleg» ikkje prøvar å kopiere «Skam», blir den nye serien unekteleg samanlikna med «Skam».

– Vi har kjend på presset i mange månader. Det er store forventningar til at dette skal bli ein ny internasjonal suksess, sa produsent Hege Hauff Hvattum i Robicon til NRK i juni i samband med innspelinga av «Lovleg».

17 år gamle Nikolai Flom Aaberg meiner serien er fin og han synest det er kjekt at handlinga er lagt til Sogn og Fjordane.

– Det er mykje som er likt, men også mykje som er ulikt mellom «Lovleg» og «Skam». Dialekta og at det skjer på bygda er den viktigaste forskjellen i høve «Skam», seier han.