Hopp til innhold

Her ser han at levebrødet er vaska vekk

Bærbonde Arne Slogvik i Lærdal har mista fleire mål med morellar og bringebær.

Bærbonde Arne Slogvik i Lærdal har mista fleire mål med moreller og bringebær.

SJÅ TV-SAK: Her hadde bærbonde Arne Slogvik nettopp planta eit nytt felt med morellar. (Foto: Sindre Sunde Tveit. Redigering: Ole Andre Rekkedal)

Han var oppteken med å berge eit anna hus lenger oppe i dalen og det var allereie mørkt då Arne Slogvik fekk høyre om ei elv som hadde forandra retning og no strøymde rett over eigedomen hans.

Difor var han spent då han i dag morgon kom for å sjå korleis det stod til.

– Det er eit trist syn. Så mykje stein der det skulle vere dyrkbar jord. Det er ikkje noko moro, seier Slogvik og skodar over eigedomen.

Fekk elva rett over eigedomen

Saman med to andre bønder hadde han planta eit nytt felt med morelltre, som skulle bere frukter neste sesong. I tillegg hadde han ein bringebæråker.

Øydelagte morelletre i Lærdal

ØYDELAGT: Store delar av plantene og matjorda er vaska vekk.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

No er store delar av plantene og matjorda vekke. I staden har det danna seg eit elvelaup midt på eigedomen.

– Det var eit sjokk då eg fekk sjå det, seier Slogvik.

Vanlegvis knusktørre Lærdal har verkeleg fått kjenne kreftene i det våte element. Frå Ljøsne og oppover dalen har fleire sideelvar forandra retning.

Vegar og hus har teke skade og over 30 personar har vore evakuerte.

Stor jobb å rydde opp

Som bonde er Slogvik vant med å kjempe mot vêr og vind. Men noko slikt har han ikkje opplevd.

Kor mykje dei kan berge, veit han ikkje enno.

– Her må det jobbast skikkeleg for å få det til att, men det kan vere håp. Det veit eg ikkje, seier Slogvik.

– Akkurat no er eg oppgitt.

Slik ser det ut i Lærdal etter flaumen som herja og førte til at 31 personar var evakuert.

Foto/redigering: Heidi Lise Bakke