Lettkledd fireåring tusla rundt klokka 02

Ein patrulje kom natt til søndag over ein fire år gamal gut i Bergen sentrum. – Guten er no i trygge hender, og saka blir følgd opp vidare av barnevernet, seier politiet.

Bergen sentrum om natten

LETTKLEDD GUT: Politiet hadde berre førenamnet å gå på, men kom etter kvart i kontakt med foreldra til den lettkledde guten.

Foto: NRK

Det var like før klokka 02 at patruljen kom over den unge guten på fortauet. Ifølgje både Bergens Tidende og Bergensavisen skal ein vaksen ha vinka på patruljen for å få merksemda deira.

Ved sida av stod altså den fire år gamle guten, iført pysjamas og cherrox.

– Guten var lettkledd og kald, opplyser politiet på Twitter.

Operasjonsleiar Eivind Hellesund seier til Bergens Tidende at guten vart teken med inn i politibilen, og at det vart sett på godt med varme. Dei kjøpte også mat til guten, medan dei prøvde å få kontakt med foreldra.

I halv femtida melde politiet på Twitter at dei hadde fått stadfesta identiteten til guten, og at han er i trygge hender.

– Guten klarte å seie kva han heitte, så har politiet saman med barnevernet jobba vidare med dette i natt og funne ut kvar han budde og pårørande. Han er no i trygge hender, seier operasjonsleiar Steinar Hausvik til NRK.

Kvifor og kor lenge den lettkledde guten gjekk rundt i bergensgatene ynskjer ikkje politiet å seie så mykje om.

– Vi har fokus på at han er i god behald, og blir teken godt hand om. Saka blir følgd opp vidare av barnevernet, seier Hausvik.

Vest politidistrikt melder elles om åtte slagsmål i løpet av natta. Ifølgje loggen er 15 personar viste vekk frå sentrumsområda i distriktet.

Fem personar fekk seg ei natt i drukkenskapsarresten. Fire av desse i Bergen og ein i Sogndal.

– To personar er i varetekt etter valdshendingar, ein i Bergen og ein i Odda, melder politiet på Twitter.