Hopp til innhold

– Familien er glad og letta over at kommunen vedtek mobbe-bota

Familien til eit av mobbeoffera ved Høyanger skule er letta over at kommunen vedtek rekord-mobbebota på 100.000 kroner. No håpar at andre born slepp å oppleve noko liknande.

Snorre Bull Sæverås

REPRESENTERER DEN EINE FAMILIEN: Advokat Snorre Sæverås seier klienten hans håpar mobbesaka ved Høyanger skule kan hindre framtidig mobbing.

Foto: NRK / advokatfellesskapet.com

– Klienten min er glad for at kommunen min har vedteke denne bota. Det viser at dei tek dette på alvor, seier advokat Snorre Sæverås som representerer familien til det eine av borna som har blitt mobba.

Gut vart halden under vatn

Som første kommune i landet fekk Høyanger kommune i førre veke ei føretaksbot på 100.000 kroner for å ikkje ha gjort nok for å hindre mobbing dei kjende til ved Høyanger skule.

Ein gut vart halden under vatn i symjetimen og angripen av ein medelev kniv.

Politiet la først vekk saka, men statsadvokaten kravde meir etterforsking, noko som til slutt resulterte i rekordbot.

No håpar familien at dette kan stoppe mobbing av andre.

– Min klient håpar at denne saka kan bidra til at mobbing ikkje skjer igjen, og ønskjer at ingen born skal måtte oppleve det som hennar barn har gjort, seier Sæverås.

Kommunen ønskjer mobbe-dialog

Høyanger-rådmann Arve Varden legg seg på si side flat for kritikken som har komme fram i saka.

Arve Varden

VEDTOK BOTA: Rådmann Arve Varden har gjeve Sogn og Fjordane politidistrikt melding om at kommunen vil betale mobbebota på 100.000 kroner.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

– Vi har meldt frå til politimeisteren i Sogn og Fjordane at vi har vedteke førelegget på 100.000 kroner. Vi ønskjer å legge denne keisame saka bak oss fortast mogleg, og vi ønskjer å komme i ein god dialog med foreldra og borna, seier han til NRK.no.

Rådmannen meiner kommunen har tatt viktige grep for å hindre liknande mobbesaker ved skulen med over 400 elvar.

– Vi meiner sjølv at vi har tatt rimeleg bra tak i dette. Vi jobba i heile fjor haust med å få på plass eit system som betre skal hindre at slike hendingar skjer.

LES OGSÅ: Vedtar mobbebot på 100 000 kroner

Kan komme erstatningskrav

Fordi mobbinga dei to elevane vart utsette for er alvorleg, og ikkje minst på grunnlag av følgjene av mobbinga, vurderer no familien eit erstatningssøksmål.

– No skal vi setje oss ned og diskutere dette. Generelt så kan ein seie at ei sak som denne kan opne for erstatning, men det har vi ikkje vurdert enno. Det vanlege er å gå etter den ansvarlege, som i denne saka er kommunen, seier advokat Snorre Sæverås.