Hopp til innhold

Let seg imponere av fjordane

Dei norske fjordane kjem høgt på Lonely Planet si liste over dei beste sjøreisene i verda.

Nærøyfjorden

HEFTIG: Nærøyfjorden vert anbefalt som reisemål for Lonely Planet sine lesarar.

Foto: Willy Haraldsen / Scanpix

Vestlandsfjordane er rangert på tredjeplass når guidebokforlaget lanserer si liste over dei åtte mest ikoniske og minneverdige reisene på vatn.

Som berre ei av to reisemål som ikkje føregår på elv, vert fjordane skildra som reinaste eventyrland med sine høge og bratte fjell som stuper ned i sjøen, skriv VG Nett.

Flåmsbana, Geirangerfjorden, Ålesund og Bergen er mellom punkta på Vestlandet som Lonely Planet trekkjer fram. Førstnemnde er rett nok jernbane, men har endestasjon ved Aurlandsfjorden.

Nilen tronar øvst på rangeringa, med egyptiske Luxor og fossen Tis Issat i Etopia som nokre høgepunkta under turen på verdas lengste elv.

Nordvestpassasjen skil opplevingane i Afrika frå dei norske fjordane. På plassane bak vestlandsfjordane kjem Ganges, Amazonas, Mekong og Yangtze på rekke og rad.