Hopp til innhold

Let seg ikkje skremme av prisfall i storbyane

FØRDE (NRK): Prisveksten på selde bustader i Sogn og Fjordane har flata ut. Men nedgangen er minimal og langt unna den kraftige prisnedgangen huseigarar i storbyane opplever for tida.

Jon Uglum

HAR TRUA: Jon Vatlestad Uglum har kjøpt nytt. Han trur det skal gå greit å få selt det gamle husværet og studerer forsida på prosjektet som snart er klart.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

Jon Vatlestad Uglum og ektefellen skal selje eit husvære i Førde. Dei er eigentleg ikkje redde for å få selt, med han vedgår at det som skjer i dei store byane har ført til at dei tek sine forholdsreglar.

– Vi ser jo kva som står i media om dei større byane. Då vi kjøpte tok vi høgde for at vi kanskje ikkje får så mykje når vi no sel som vi ville gjort for nokre månader sidan. Vi har difor lagt lista litt pessimistisk då vi sette opp budsjettet, forklarar han.

Mange spør

Dei har kjøpt seg eit større husvære i same sameiget. No gjeld det å få selt det gamle husværet, samstundes som overskriftene i nettavisene melder om kraftig prisnedgang og tregt sal i dei største byane.

Tore Berqvam (t.v.) og Raymond Sandøy.

MEKLARAR: Tore Berqvam (t.v.) og Raymond Sandøy forklarar den stabile bustadmarknaden med lågt rentenivå og trygge arbeidsplassar.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

Også meklaren deira, Raymond Sandøy, merkar den psykologiske effekten overskriftene har på kundane.

– Vi merkar at folk les nettaviser og spør oss ein del. Men det vert det same svaret til dei som du får no; vi merkar ikkje dei store svingingane i marknaden vår.

Tek lenger tid å få selt

Prisnedgangen på selde bustader i Sogn og Fjordane er hittil i år på fattige 0,6 prosent. Gjennomsnittleg salstid for ein bustad er no 77 dagar, noko som er ein liten auke i høve til tidlegare. Bustadane vert som ofast selde mykje raskare i tettstadene enn i meir grisgrendte strok.

– Vi ser kanskje det at det tek litt lenger tid no å få selt eit husvære. Vi må gjerne ha ei vising eller to ekstra for å kome i mål på enkelte eigedomar.

– Vil halde seg stabilt

Dagleg leiar og kollega i Garanti eigedomsmekling i Førde og Florø, Tore Berqvam, meiner at marknaden i Sogn og Fjordane vil halde seg nokolunde stabil også det komande året.

Pål Anders Kårstad

MEKLAR: Dagleg leiar i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane, Pål Anders Kårstad.

Foto: Ådne Dyrnesli / NRK

– Eg trur den kraftige veksten vi har opplevd vil flate ut. Den har vel eigentleg flata ut ein del. Eg ser for meg at det vil den halde fram med litt ut i 2018 og, og at det ikkje vert dei kraftige hoppa vi har opplevd tidøegare, seier han.

Dagleg leiar Eigedomsmekling Sogn og Fjordane, Pål Anders Kårstad, har mykje same tankane om 2018.

– Vi har ein stabil bustadmarknad i Sogn og Fjordane. Vi har eit lågt rentenivå og i utgangspunktet trygge og stabile arbeidsplassar. Difor får vi ikkje dei store svingingane.

Vising få dagar før julaftan

Desember er normalt ein roleg månad på husmarknaden, men Vatlestaad Uglum håpar det skal gå greitt å selje, sjølv om dei inviterer til vising mindre enn ei veke før julaftan.

– Tanken har slege oss. Men vi tenkjer som så at det må jo vere nokon som har vore ute i god tid og er ferdige med alle juleførebuingane og som treng ei siste julegåve, som er eit husvære til seg sjølv, humrar han.