Totalt vil regjeringa bruke 106.280 millionar kroner til investeringar, drift og vedlikehald av vegnettet i landet i perioden 2002 til 2011. Ein stor sum, men ikkje stor nok til å imponere sogndølen Kåre Lerum.
-Denne planen går over ein veldig lang periode. Det er fort gjort å bruke opp 1,2 milliardar kroner på vegar i Sogn og Fjordane dei neste ti åra. Summen som er tenkt å bruke på heile landet er heller ikkje stor nok. Vi må få eit skikkeleg skippartak, og vi vil arbeide for å få til eit løft på ytterlegare 100 milliardar i denne perioden, seier Kåre Lerum.
Så langt tyder ingen politiske signal på at dette er mogeleg å få til, men Lerum er optimist.
-Det er ikkje verre enn at vi må påverke politikarane i stortinget til å røyste for eit slikt forslag, seier den sjølutnemnde leiaren for vegopprøret.