Hopp til innhold

Lensmann får bot etter hyttebrann

Regionlensmann i Nordfjord, Tormod Hvattum, er ilagt 15.000 kroner i bot etter at han ved eit uhell svidde ned nabohytta.

Hytte brann Maurstadeidet

UT AV KONTROLL: I forkant ser ein hytta som ved eit uhell brann ned. I bakgrunnen kan ein såvidt kan skimte det opprinnelege skuret/hytta Hvattum skulle brenne ned - om lag 40 meter unna.

Foto: Kjell Brenne / Synste Møre

Det skriv Sunnmørsposten på nett.

Det som skulle vere ei kontrollert nedbrenning av Hvattum si eiga utdaterte hytte på Maurstadeidet ved Vanylven, enda med at også nabohytta vart lagt i oske.

Braut Brann- og eksplosjonslova

No har politiadvokat May Britt Berg ved Nordmøre og Romsdal bøtelagt regionlensmannen etter ordre frå statsadvokatane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Lensmannen har brote paragraf 44 i Brann- og eksplosjonsvernlova.

Lensmann i Vågsøy Tormod Hvattum

NABOHYTTA TOK FYR: Lensmann Tormod Hvattum ringde sjølv og beklaga overfor eigarane at nabohytta brann opp.

Foto: Hildegunn Løken Holtan / Fjordenes Tidende

– Det dreiaer seg om at det ikkje er teke tilstrekkeleg forholdsreglar i samband med nedbrenninga – og er såleis eit brot på alminnelege forsiktigheitsreglar, seier Berg til Sunnmørsposten.

Det var 23. juni i år at Vågsøy-lensmannen hadde fått alle naudsynte løyve frå brannvesenet til å gjere ei kontrollert nedbrenning av den vesle og falleferdige hytta si. Men glørne frå Hvattum sin brann spreidde seg. På kort tid var nabohytta 40 meter unna overtent.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Hytte brann Maurstadeidet

HADDE LØYVE: Her ser ein restane av hytta Tormod Hvattum brende ned - med vilje. I bakgrunnen ligg restane av nabohytta som også tok fyr.

Foto: Kjell Brenne / Synste Møre

Har vedtatt bota

– Det var forferdeleg kjedeleg, men ein kunne ikkje gjere så mykje anna enn å sjå hytta brenne ned, sa Tormod Hvattum til NRK.no etter uhellet..

Overfor NRK.no stadfester Hvattum at han har mottatt – og vedteke bota på 15.000 kroner.

Hvattum ønskjer elles ikkje å kommentere saka tysdag.

Det er ikkje fremja erstatningskrav frå den skadelidne hytteeigaren, då partane vil ordne opp seg i mellom.