Hopp til innhold

Lending-Sandvik stengt grunna ras

Fylkesveg 543 mellom Lending og Sandvik i Flora kommune er stengt på grunn av ras, melder vegtrafikksentralen. Det blir ikkje gjort noko på staden før det lysnar. To steinar på kring ein kubikk har kome ned i vegbana, seier Roger Nedberge Hille ved vegtrafikksentralen.