Hopp til innhold

Ordføraren i Aurland kollega med den sakna: – Det er tungt

Onsdag blir det sett inn miniubåt i søket etter 29 år gamle Christoffer Lysne Elgåen, som er sakna i Aurland.

Trygve Skjerdal i Aurland Røde Kors

STORT SAKN: Ordførar i Aurland, Trygve Skjerdal, er kollega med den sakna 29-åringen.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

– Det er tungt for meg og det er tungt for mange rundt meg, seier ordførar Trygve Skjerdal.

Politiet gjekk tysdag kveld ut med namnet til den sakna. Det er 29 år gamle Christoffer Lysne Elgåen som blei meldt sakna måndag morgon.

Ordføraren er kollega både med 29 åringen, som jobbar i teknisk etat i kommunen, og foreldra hans.

– Det er eit sakn og noko som merkast. Alle kjenner alle her. Han som er sakna er ein veldig omgjengeleg kar. Han er aktivt med både i musikkliv og elles i kommunen. Det er mange som har eit nært og godt forhold til han.

Politiet trur mannen som er sakna i Aurland kan ha falle ned ei skråning og i fjorden. Onsdag blir det sett inn miniubåt i søket.

– Du veit at det er ein stor familie som sit og ventar på vedkommande. Dei lever no i uvisse om kva som har skjedd og kva utfallet blir. Dei er glade for at så mange stiller opp, noko dei har uttrykt fleire gongar, seier Skjerdal.

Mange bidreg i leiteaksjonen etter den sakna 29-åringen i Aurland

SØKET HELD FRAM: Representantar frå kommune, brannvesen, Røde Kors og frivillige held fram søket onsdag etter den sakna mannen i Aurland.

Foto: Arne Veum

Det var måndag ettermiddag at politi, brannvesen og frivillige starta leiteaksjonen i Aurland. Tre hundeekvipasjar, eit redningshelikopter og tre båtar bidrog i søket.

– Bakgrunnen er at pårørande ikkje har hatt kontakt med vedkommande sidan fredag, sa operasjonsleiar Steinar Hausvik måndag.

Rundt klokka 22 avslutta politiet søket utan å ha funne mannen. Tysdag vart leiteaksjonen starta opp igjen. Ifølgje politiet er mannen truleg omkomen.

Leiteaksjon Aurland

IKKJE FUNN: Måndag vart det sett i gong ein omfattande leiteaksjon for å finne den sakna mannen i Aurland, utan hell.

Foto: Arne Veum

Søker langs fjorden

Tysdag fortel tenestestadsleiar Knut Arne Klingenberg at politiet har gjort funn som indikerer at den sakna mannen kan ha falle medan han har gått langs vegen.

– I går vart det gjort ein stor innsats av Røde Kors, brann og politi i Aurland. Vi fann spor som kan vise seg å vere etter mannen som vi no leitar etter, seier han.

No held søket fram langs Aurlandsfjorden. Tysdag ettermiddag jobba politiet for å få på plass ein ubåt som kan bidra i søket.

Denne blir sett inn i søket onsdag, opplyser politiet tysdag kveld.

Torstein tokvam gjer seg klar til å leite. Ein av mange som stiller opp i Aurland

BIDREG: Torstein Tokvam gjer seg klar til å leite. Han er ein av mange som stiller opp.

Foto: Arne Veum

Krevjande terreng

Mannen blei meldt sakna av familie måndag. Politiet veit at han var ute saman med venner fredag.

– Vi veit at han har vore ute i lag med nokre kameratar, så han har truleg vore på tur i området mellom Skjerdal og Aurland, seier han.

Vegen der eigendelane er funne går opp i fjellet, og det er ein avstand frå vegen og ned til fjorden.

– Det er krevjande terreng. Om han har falle i fjorden, må vi greie ut ein del ting for å kunne gjere eit best mogleg søk, forklarar tenestestadsleiaren.