Hopp til innhold

Har avslutta leiteaksjon på Nordfjordeid etter sakna mann i 20-åra

Mannen kom vekk frå kameratane sine etter ein fest. Sundag morgon blei mannen funnen i god behald.

Nordfjordeid

NORDFJORDEID: Mannen blei meldt sakna natt til sundag på Nordfjordeid i Stad kommune.

Foto: KART

Oppdatert 10.mai kl. 09.25: Sundag morgon opplyser politiet at leiteaksjonen er avslutta. Mannen kom til rette i god behald.

Mannen i 20-åra var på veg heim frå fest med kameratane sine natt til sundag, då dei oppdaga at han brått var vekke.

Etter å ha leita ei stund tok dei kontakt med politiet.

– Han låg litt bak resten av følget. Venene leita nokre timar før politiet blei kontakta, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Tatjana Knappen.

Politi, brannvesen, Røde Kors og Norske redningshundar var med på leiteaksjonen på Nordfjordeid.