SISTE: Den sakna er funnen i god behald etter observasjon frå passasjerbåt, opplyser Hovedredningssentralen Sør-Noreg.
Det var ved 5-tida søndag at ein utanlandsk turist i 40-åra reiste på båttur.
– Det er grunn til å tru at han har drege ut i båt, opplyste politiet etter at dei hadde hatt kontakt med pårørande.
Redningsaksjonen vart leia av Hovudredningssentralen i Sør-Noreg.
– Vi leitar etter ein utanlandsk turist som gjekk ut med båt i 5-tida i dag tidleg, truleg for å fiske, sa redningsleiar Kjetil Hagen ved HRS til NRK.
Pårørande meldte frå i 14-tida då mannen ikkje hadde kome tilbake frå turen sin.
Det vart sett inn både ein brannbåt og ei redningsskøyte i leitinga. Òg redningshelikopteret i Florø deltok.
Under aksjonen sa Hagen ved HRS at det var mest effektivt å søkje frå båt og lufta. Søkeområdet var frå Leikanger og inn fjorden.
Han sa at det kunne vere alt frå ei alvorleg hending til at båten hadde gått tom for drivstoff. På grunn av usikkerheita starta dei leiting i fjorden.
Om lag klokka 17 vart mannen funnen i god behald, etter at han vart observert av forbipasserande i ein passasjerbåt. Redningsaksjonen vart då avslutta.