Hopp til innhold

Fann båten, men ikkje førar, etter grunnstøyting

Trass sommarlege tilhøve og ulike arrangement laurdag kveld og natt til søndag, er ikkje politiloggen særskilt lang.

Politiet på Twitter

TWITTER: Søndag morgon var det ikkje så veldig mange meldingar på twitter-kontoen til Sogn og Fjordane politidistrikt.

Foto: skjermdump, Twitter.com

Det har i hovudsak gått fint føre seg i trivselsfylket denne helga. Men to hendingar kunne gått langt verre enn det gjorde.

Like før klokka 02 fekk politiet tips om ein båt som køyrde på Perholmen like vest av Gunhildvågen i Flora. Båten kom seg av grunn for eiga hjelp, og forsvann frå staden.

Etter eit søk vart båten funnen att på Askrova, men søk etter båtføraren førte ikkje fram.

– Identiteten til føraren er kjend. At båten køyrde på holme og forsvann, og måten vitne skildra køyringa, gjer at vi mistenkjer at båtføraren var ruspåverka. Saka blir følgd opp, seier operasjonsleiar Olaug Holme ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

I 04-tida vart ein mann funnen sovande i sentrum i Lærdal. Vedkommande vart vekt og vener tok deretter hand om han.

I Florø og Førde måtte politiet roe ned privatfestar som forstyrra natteroen til naboane.