Biletet til Morten avblåste leiteaksjonen i Bergen

SANDVIKEN, BERGEN (NRK): Studentane trudde dei mangla ein kajakkpadlar og ein stor redningsaksjon vart sett i verk. Eit tilfeldig bilete frå nabo Morten Neset løyste mysteriet.

Kveldens helt

NABO: Morten Neset tok eit bilete som han viste til innsatsleiar Synnøve Malkenes. Det løyste mysteriet.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Det vart sett i verk ein stor redningsaksjon i Byfjorden i Bergen etter at Bergenstudentenes idrettsforening melde frå at dei mangla ein person etter kajakktur.

Både helikopter og fleire båtar deltok i leitinga som gjekk føre seg i nesten to timar.

Følget hadde padla frå Breiviken i Sandviken til Verftet på Nordnes og tilbake.

Men klokka 22.20 vart det konkludert at det har vore ein teljefeil av kajakkpadlarane, og redningsaksjonen vart avslutta.

Det skjedde etter at nabo Morten Neset kom ned i Breiviken og viste politiet kva han hadde tatt bilete av.

– Det var ein stor gjeng med studentar på veg ut i nydeleg ettermiddagsvér. Eg tok bilete av dei og det viste seg å vera signifikant, seier Neset til NRK.

Redningaksjon i Bergen

LEITAR: Både politi og brannvesenet var på land og på sjøen for å leita etter mogleg sakna padlar.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Riktig tal

For i utgangspunktet trudde studentane at det var 24 personar som reiste ut på tur. Tilbake talde dei berre 23.

Derfor vart redningsaksjonen sett i verk.

Men på biletet til Neset er det 21 kajakkpadlarar.

I tillegg opplyste følget til politiet at to personar i ein dobbelkajakk padla ut ti minutt etter dei andre. Dermed kunne ein konkludera med at det berre hadde vore 23 personar med på turen.

– Det var bra at biletet kunne hjelpa, seier Neset.

– Det var heilt avgjerande for at vi kunne avslutte og vere trygg på at alle er kome til rette, seier innsatsleiar Synnøve Malkenes i politiet til NRK.

Bilde som avblåste leiteaksjon i Bergen

BEVISET: Morten Neset sitt blinkskot viste at padlefølget hadde gjort ein teljefeil. Dermed kunne leiteaksjonen bli avblåst.

Foto: Morten Neset

Båt og helikopter leita

Hovudredningssentralen koordinerte innsatsen på sjø og i lufta, medan politiet koordinerte innsatsen på land.

Redningshelikopter og luftambulansen deltok i lufta. På sjøen deltok KV2 og brannvesenets båt Sjøbrann. Naudetatane var samla seg i Breiviken.

Politiet vart varsla klokka 20.33.

Det vart søkt i heile byfjorden, heilt vest til Askøy. Søkeområdet var så stort på grunn av vinden og vindretninga.