Hopp til innhold

Leiteaksjon avblåst, båteigaren er funnen

Ein tipsar fortalde politiet kven som er eigaren av båten som vart funnen tom i Fanafjorden. Leiteaksjonen er avslutta.

Tom båt funne i Fanafjorden

TOM BÅT: Ei redningsskøyte, ein ambulansebåt og ein brannbåt deltok i søket, fordi det var uvisst om denne båten hadde slete seg, eller om nokon hadde ramla i sjøen.

Foto: Politiet

Litt før klokka 8 søndag morgon varsla ein båtførar politiet om at det låg ein tom båt eit par hundre meter nord for Krokeide kai, ved Vorholmen/Botnavika.

Det var ikkje observert nokon personar i området, og ingen var meld sakna.

Båten var ein ca. 12 fots Askeladden utan motor. Det var garn i båten, og ei åre hang ut i sjøen.

– Det er ingen blåser med namn ombord. Det ligg nokre krabbar i garnet, men det er vanskeleg å vita kva tid det er brukt, sa operasjonsleiar Frode Kolltveit ved Vest politidistrikt til NRK.

Luftambulansen, redningsskøyta Kristian Jebsen, ein båt frå brannvesenet og ein ambulansebåt var med i søket.

Båten vart tatt inn til Mildevågen på andre sida av fjorden. Politiet forhøyrde seg med naboar både på Milde- og Krokeidesida.

Politiet ba publikum om tips. Ein person tok kontakt og meinte ut frå fotoet av båten kven som kunne vera eigaren. Det viste seg å stemma, og politiet fekk kontakt med vedkommande.

Båten har kome på rek utan at nokon var ombord.