Hopp til innhold

Leitar på Måløyblokka

Det blir bora ein ny leitebrønn etter olje og gass på Agat-feltet i den såkalla Måløyblokka i oktober.

Agat-feltet er vurdert som interessant, og ein leiteperiode på halvannan månad vil gje svar på om det er drivverdig, seier oljekonsulent Audun Sunde.

På eit møte i Florø førre veke, gav boreselskapet AGR uttrykk for at dei ønskte å nytte Fjordbase i leiteperioden, men at dei enno ikkje har bestemt dette.