
Raset var 20 meter breidt. (MMS-foto: Steinar Lote, NRK)
Eit augevitne såg eit lys forsvinne i raset like etter klokka 21, og melde straks frå til politiet. Mannen vart meld sakna like etter klokka 23 i går kveld.
Leiteaksjonen starta opp att klokka 9 måndag. Mellom anna vil 20 personar frå Røde Kors hjelpekorps, båtar og helikopter bli sett inn i leitinga. Ein bil med redningsdykkarar er no framme ved rasstaden, og gjer seg klare til å starte søk i fjorden. Først i kveld vil det vere på plass ein miniubåt i Lånefjorden.
Søket innstilt i natt

Leitemannskapa må ta omsyn til vêret og rasfåren. (MMS-foto: NRK)
Raset som gjekk i Lånefjorden er stort. Det er 20 meter breidt og to til tre meter djupt. Raset har gått ut i fjorden, og det vart søkt også frå sjøsida før politiet innstilte arbeidet søndag kveld på grunn av rasfaren i området.
Stor rasfåre
- Fåren vart vurdert som for stor, og tryggleiken til eigne mannskap og andre mannskap som har delteke i leitearbeidet må gå føre, seier Wenche Hope ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politiet avblåste vidare leiting i natt. (Foto: Bjarte Johansen.)
- Søket frå sjøsida vart også innstilt fordi sjøen er grumsete, og det er umogleg å sjå noko i fjorden Ho fortel at det gjekk eit par mindre ras i området under leitearbeidet i går kveld.
Per Rimmen ved Sogn og Fjordane politidistrikt seier det er halde vakt ved rasstaden i heile natt.