Hopp til innhold

Sakna klatrar gjekk seks kilometer med broten fot

Mannen i 20-åra kom ikkje heim etter ein klatretur ved Fresvikbreen i Sogn. Under leiteaksjonen kom han brått hoppande på ein fot mot politiet.

Fallulukke i Vik

LEGEVAKT: Her kjem den britiske klatraren til legevakt etter ei fallulukke. Han vil ikkje la seg intervjue.

Foto: NORALV PEDERSEN / NRK

– Han fortalde at han hadde gått i seks kilometer med broten fot, seier politibetjent Vegard Andersen.

Mannen, som er britisk statsborgar, skulle klatre opp Huldafossen mot Fresvikbreen i Vik kommune onsdag kveld. Då sa han at han kom seint heim igjen. Torsdag morgon blei han meldt sakna av arbeidsgivaren.

Klatreturen skulle skje i eit vilt terreng, der det er stupbratt ned i alle retningar.

Eit redningshelikopter blei kalla ut for å leite i området etter den erfarne klatraren.

Etter halvannan time kjem mannen hinkande langs elva ved parkeringsplassen på Engi. Politibetjent Vegard Andersen såg mannen komme mot dei.

Fresvik

BRATT: Det var i dette området i nærleiken av Fresvik at klatraren var på tur.

Foto: PRIVAT

Det viste seg at klatraren hadde brote foten etter eit fall ned ein skrent. Han såg ikkje anna val enn å halde seg i fjellet når mørket kom.

Med ein verkande fot blei det ikkje noko søvn for briten. Han fant seg ein stein og sat der til det blei lyst igjen.

For eigen maskin tok han seg ned frå fjellet torsdag morgon. I seks til sju kilometer gjekk den skadde klatraren mot vegen med skrubbsår, øydelagd bukse og broten fot.

– Han kan nesten ikkje gå på den eine foten. Han kom hoppande på den gode foten, seier Andersen.

Mannen var på klatretur ved Huldafossen. Fossen ligg i Huldabotnen, aust for Fresvikbreen, og er ein del av Storelvi som renn ut i Fresvik.

– Han var nok heldig. No er han veldig sliten, seier Andersen.

NRK har vore i kontakt med mannen. Han seier at han ikkje vil la seg intervjue om det som har skjedd.

Vegard Andersen

HOPPA: Politibetjent Vegard Andersen såg ein mann som kom hoppande på ein fot.

Foto: NORALV PEDERSEN / NRK