Ved hjelp av kontaktar i Thailand distribuerer venene no bilete av hotelleigaren på Turtagrø, i håp om at han, sambuaren hans og den ni år gamle dottera hennar er i god behald.
Prøver å få mobildata
Mikkel Sørheim, som er ein nær ven av Drægni, seier dei også gjer forsøk på å få ut data frå bakkestasjonane i området rundt Phuket for å sjå om og eventuelt kvar Drægni har brukt mobiltelefonen sin. Men dette har vist seg å vere vanskeleg, og forsøka på å få ut desse opplysningane ved å påberope seg nødrett har så langt ikkje gitt resultat.
Veit ikkje kvar dei reiste
Sørheim seier han veit at Drægni, sambuaren og dottera hennar reiste frå Mai Kao Beach like nord for Phuket på julaftan, men han veit ikkje kvar dei reiste. Håpet er at dei har reist til ein stad der dei var trygge for flodbølgja andre juledag, men at dei har vore avskorne frå å gje livsteikn på grunn av dei kaotiske tilstandane i Thailand.
Etterlyst på nettsider
Drægni er no etterlyst med bilete på VG og TV2 sine nettsider. Ved hjelp av kontaktar som er i Thailand har venene også fått distribuert plakatar av Drægni i håp om at nokon skal kjenna han att.
Ventar på livsteikn
Eit samla fjellsportmiljø ventar no på livsteikn frå Drægni. Eigaren av Turtagrø Hotell er ein svært sentral person i dette miljøet, og leiaren i Norsk Tindeklubb, Egil Fredriksen, seier ingen er uberørt av at han er sakna.