Leitar etter mistenkt

Politiet jaktar på ein mistenkt etter at ei kvinne skal ha blitt forsøkt valdteken i Olsvikåsen i Bergen i natt. Politiet trur mannen har teke same buss som kvinna frå Olav Kyrres gate og gått av på same stopp. Mannen skal ha hatt på seg svart Helly Hansen-jakke, mørke bukser og mørke sko med kvit sole. – Vi ønsker tips for å kunne identifisere gjerningspersonen, seier politiadvokat Farzad Izadi til NRK.