Hopp til innhold

Leitar etter kvinne i Førde

Eit helikopter, politi og Røde Kors leitar no etter ei kvinne i 20-åra på Viefjellet i Førde. Leiteaksjonen blei sett i gang i 17-tida. – Vi blei varsla av ein bekjent, som hadde vore i kontakta med kvinna då ho var på veg ned frå fjellet. Han meldte frå då han mista kontakten, opplyser politiet.

Ifølgje Hovudredningssentralen skal det vere glatt i fjellet.

– Ho skal ha vore på veg ned mot Soleide, seier redningsleiar Johan Mannsåker ved HRS.

Også Norske redningshundar er med på leitinga.

Leiteaksjon i Førde
Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK