Leita etter to personar i robåt
Hovudredningssentralen søkte måndag kveld etter ein robåt med to utanlandske turistar i Sognefjorden. Dei skal ha dratt ut frå Leikanger i løpet av måndag i ein båt utan motor. Redningsskøyte, brannbåt og redningshelikopter var med i søket.
Hovudredningssentralen opplyser til NRK klokka 22.07 at søket er avslutta, då det er observert ein robåt i nærområdet.
– Det er stadfesta at dette er dei to som var sakna. Det er uvisst om det er ei misforståing som ligg bak, seier Andreas Bull i Hovudredingssentralen.