Hopp til innhold

Leita etter sakna kajakkpadlar

Ein mann i 60-åra er funnen i god behald etter at han blei meldt sakna i Askvoll.

Leiteaksjon sakna kajakkpadlar, funnen i god behald. Melvær i Askvoll

LEITA: Båten til Røde Kors var på veg ut for å delta i leitinga.

Foto: nrk.no-tipsar

Det blei sett i gang ein leiteaksjon ved Melvær etter det kom melding om at ein kajakkpadlar var sakna i området.

Helikopter, redningsskøyte, båt frå Røde Kors og frivillige blei sende ut for å leite etter mannen.

– Mannen leiger ei hytte på staden, og det har ikkje vore kontakt med personen på to dagar, opplyste Hovudredningssentralen i Sør-Noreg like før kl. 12:30.

Klokka 13 melder HRS at mannen er funnen i god behald og at redningsaksjonen blir avslutta.

– Det var redningshelikopteret som frå lufta oppdaga mannen ved bilen sin. Omstenda rundt etterlysinga av mannen er litt uklare, og det kan ha vore ei mistyding. Politiet er no på staden for å snakke med mannen.

leiteaksjon