Avgjerda er omstridd, spesielt etter at vegdirektøren gjekk inn for å plassere regionkontoret i Bergen. Men det er distriktspolitiske omsyn som gjer at samferdsleminister Torild Skogsholm har valt å plassere regionkontoret for Vestlandet på Leikanger.
- Effektivitet, desentralisering og meir balansert fordeling av statlege arbeidsplassar i dei enkelte landsdelane har vore viktig i departementet si vurdering av lokaliseringa for Statens Vegvesen sine fem nye regionkontor, seier statsråden.
Skogsholm seier samfunnet har gevinstar å hente ved å plassere vegkontoret utan for dei store byane. Kva det konkret vil å få seie at bygda no vert administrasjonssenter for Statens Vegvesen på Vestlandet er førebels uvisst.
På vegkontoret vart avgjerda motteken med glede. Men både vegsjef Lars Lefdal og dei tilsette er avventande til kva avgjerda vil bety i praksis.
Rolf Nesheim, ordførar i Leikanger, kallar det ei verkeleg gladmelding. Han seier avgjerda betyr mykje for kommunen. Hadde ikkje Leikanger fått regionkontoret ville dette fått alvorlege ringverknader.
Fylkesordførar Nils R. Sandal karakteriserer det som ein gledens dag for heile fylket. Han tar avgjerda som eit viktig signal til distrikta, som gir dei godt mot til å drive vidare kampen også på andre område.