Hopp til innhold

Leika med livet – hang bakpå bussen i 80 km/t

– Eg blinka med lysa, men torde ikkje køyre altfor nær i frykt for at mannen skulle falle av og bli overkøyrt av meg, fortel Bjarte Haugen.

Hang bak på buss på Oldedalen.

BLINDPASSASJER: Mannen hang bakpå bussen i fire-fem kilometer nedover Oldedalen.

Foto: Bjarte Haugen

Han driv transport av turistar opp til den verdskjende Briksdalsbreen i Oldedalen. Han hadde nettopp køyrt dagens siste gruppe ned frå breen tysdag kveld, og var på veg heim med tre kollegaer i bilen då dei vart vitne til det som fekk opp spenninga i bilen.

– Då vi kom ned til Melkevoll såg vi at det hang eitkvart bakpå bussen. Då vi kom nærare såg vi at det stod ein mann på hengarfestet bak på bussen, fortel Haugen.

Saka held fram under videoen.

BLINDPASSASJER: Mannen hang bakpå bussen i fire-fem kilometer nedover Oldedalen.

– Rekna med at han fekk ei overhøvling

Då bussen kom litt lenger ned i dalen auka den farten, og ifølgje Haugen heldt bussen ein fart på 80 km/t – medan mannen klamra seg fast. Han trur blindpassasjeren hang bakpå bussen i fire-fem kilometer nedover Oldedalen.

– Eg trur det kanskje var ein av turistane i bussen som har snudd seg for å ta bilete av Oldedalen for siste gong som oppdaga mannen. Bussen slakka etter kvart på farten, stoppa og sette på naudblinken. Då vi køyrde forbi såg eg i spegelen at sjåføren kom ut av bussen og sprang bak. Vi stoppa lenger nede og slapp bussen forbi for å sjekke om han var oppdaga, og då var det ingen kar bakpå bussen lenger.

– Kva tenkte du då du såg at det hang ein mannn bakpå bussen?

– Helvetes idiot. Dette er jo å leike med livet. Det er jo ikkje så mykje som skal til før du kan falle av. Berre ein liten dump i vegen er nok til at det kan gå gale. Eg reknar med at han fekk ei overhøvling av bussjåføren.

Dukka opp igjen

Han veit ikkje kven «blindpassasjeren» var, utover at det var ein mann på rundt 30 år. Han høyrde ikkje til passasjerane i bussen. Ifølgje Haugen var passasjerane ei asiatisk turistgruppe som han nettopp hadde køyrd til opp til Briksdalsbreen.

Men mannen dukka opp igjen onsdag morgon.

– Han stod på busshaldeplassen i Olden då eg køyrde forbi på veg til jobb i dag. Eg veit ikkje om dette er måten han reiser rundt på, seier Haugen.

– Veldig trafikkfarleg

Politibetjent Vegard Dale ved Stryn lensmannskontor seier at dei ikkje har fått melding om denne episoden. Personleg har han heller ikkje høyrt om liknande historier.

– Dette er openbart veldig trafikkfarleg, og slik som sjølvsagt ikkje skal skje, seier Dale, då NRK ringjer han og fortel om hendinga.