Hopp til innhold

Leiinga i Kinn senterparti trekk seg

Nils Myklebust, leiar for Kinn senterparti og nestleiar Torgunn Eikevik trekk seg frå verva sine med umiddelbar verknad. Det kom fram i eit brev til leiinga av Senterpartiet i går, melder Firdaposten.

Myklebust er misnøgd med at røystene til innbyggarane i Vågsøy ikkje har blitt teke omsyn til, i avgjersla om Kinn kommune si framtid.

– Senterpartiet har mist all tillit i saka om folkestyre. For oss som har stått på stand og i partiarbeid for Senterpartiet, så er skuffelsen enorm, skriv dei i brevet.