Hopp til innhold

Leiger inn psykolog for å løyse museumskrise

Ein psykolog er hyra inn for å prøve å løyse samarbeidsproblema ved Musea i Sogn og Fjordane. To avdelingsdirektørar har sagt opp i protest.

Toppleiinga ved Musea i Sogn og Fjordane

TILSPISSA: Samarbeidsklimaet mellom administrerande direktør Kjartan Aa Berge (t.v.) og avdelingsdirektørane ved Musea i Sogn og Fjordane er ikkje god. Her frå eit fellesmøte tidleg i april.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Samarbeidsklimaet i leiargruppa ved Musea i Sogn og Fjordane har den siste tida vore alt anna enn bra.

Rett før påske vart det kjent at avdelingsdirektørane Janne Leithe ved Sogn og Fjordane kunstmuseum i Førde og Gunnhild Systad ved Sunnfjord Museum i Movika hadde sagt opp i protest mot måten Musea i Sogn og Fjordane blir leia på.

Det kom også fram at fem av dei i alt seks avdelingsdirektørane hadde skrive eit brev til styret med krass kritikk mot administrerande direktør Kjartan Aa Berge. Etter det NRK kjenner til, går kritikken mot Aa Berge mellom anna på at leiinga hans er mangelfull og at den ber preg av sviktande involvering og sviktande informasjon.

Har tillit til Aa Berge

Det er i etterkant av at styreleiaren og nestleiaren i styret har hatt alle avdelingsdirektørane inne til samtalar, at det no er vedteke å leige inn firmaet Raknes Organisasjonspsykologi.

– Vi leiger no inn relevant fagekspertise utanfrå for å jobbe vidare med saka, seier styreleiar Laura Kvamme.

Psykolog blir altså leigd inn for å prøve å betre samarbeidsklimaet mellom Aa Berge og avdelingsdirektørane?

– Eg vil ikkje kommentere dette nærare. Vi har leigd inn Raknes ut frå eit heilskapsperspektiv.

– Har styret tillit til administrerande direktør Aa Berge?

– Ja, vi har tillit til han.

Kjartan Aa Berge

UPOPULÆR: Administrerande direktør Kjartan Aa Berge har gjort seg upopulær blant avdelingsdirektørane ved Musea i Sogn og Fjordane. Aa Berge vil ikkje kommentere kritikken mot seg.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Vil ikkje seie kva det kostar

Kvamme fortel at Raknes byrjar arbeidet i slutten av mai og at han skal leggje fram ein rapport til styremøtet i slutten av juni.

– Kor store midlar er sett av til innkjøp av tenester frå psykolog?

– Det ønskjer eg ikkje å kommentere.

Kor uheldig er denne saka for Musea i Sogn og Fjordane?

– Det ligg i saka sin natur at vi ikkje synest dette er særleg kjekk.

Kjartan Aa Berge ønskjer ikkje å kommentere saka.