Den siste tida har 15 prostituerte fra Nigeria innteke horestrøket i Bergen, og trafikken har auka.
Bur midt i horestrøket
Mons Kvamme bur på Nordnes, og han meiner nok er nok.
- Folk som bur her tykkjer ikkje noko om å bu i eit horestrøk, seier han.
Kvamme har merka at dei prostituerte frå Nigeria gjer sitt til at trafikken med horekundar har auka.
Utskifting blant prostituerte
- Det er nye ansikt. Og mange av dei har jo ein mørkare hudfarge, så du legg jo merke til det óg. Det er utskifting og auke i bransjen, fortel han, og viser til kveldsturen han og kona var på sundag kveld.
- Då stod det fire fem jenter bortover vegen, og kvar einaste bil vart nærast fysisk stoppa, seier Kvamme.