Hopp til innhold

Lei av dårleg veg – her VIL dei ha bompengar

Fylkesvegen har vore krangla om sidan 50-talet. Dei som bruker vegen betaler gjerne bompengar for å få til ei utbetring.

Fylkesveg 57 langs Dalsfjorden mellom Bygstad i Sunnfjord kommune og Dale i Fjaler.

FYLKESVEG 57: I ny nasjonal transportplan (NTP) legg regjeringa opp til «lokal delfinansiering» for å ruste opp fylkesvegane, som i alt tel 45.000 kilometer.

Foto: Bent Are Iversen / FIRDA

– Eg bidrar gjerne litt i bompengar for å få betre veg, seier Vegard Strand.

Kvar dag køyrer han 45 kilometer mellom Dale og Førde i Sunnfjord. Fram og tilbake.

Delar av vegen er fylkesveg 57, og har vore krangla om så lenge Vegard har vore i live. Heilt sidan 50-talet, faktisk.

– Det har hasta i ti år å forbetre vegen, seier Kjetil Felde (Sp).

Han er ordførar i Fjaler, kommunen som delar av vegen krokar seg gjennom.

I 2017 kom eit forslag om bompengefinansiering på bordet, men det vart forkasta. Det vil koste meir enn det smakar, konkluderte Statens vegvesen.

Arve Helle (Ap) var ordførar i Fjaler mellom 2003 og 2015. Han meiner bompengealternativet må opp att frå skuffen.

– Eg slit med å sjå andre måtar å finansiere vegen på, seier han.

FYLKESVEG 57: – Eg bidrar gjerne litt i bompengar for å få betre veg, seier Vegard Strand. Det har vore krangla om vegen så lenge han har vore i live.

FYLKESVEG 57: Det har vore krangla om fylkesvegen så lenge Vegard Strand har vore i live. Han køyrer på vegen dagleg.

Foto: Ole Kristian Svalheim

Vil ruste opp fylkesvegane

– Bompengar gjev oss ei moglegheit til å realisere fleire prosjekt i heile Noreg, sa samferdselsminister Knut Arild Hareide då han la fram ny nasjonal transportplan (NTP) i mars.

I planen legg regjeringa opp til «lokal delfinansiering» for å ruste opp fylkesvegane, som i alt tel 45.000 kilometer.

Det er fire gonger så langt som riksvegnettet.

Men lågt trafikkgrunnlag gjer at bompengar sjeldan vert nytta til opprusting og vedlikehald på fylkesvegane.

– Ei bompengeordning med 60 kr med tovegs innkrevjing i 15 år inneber ei stor belastning sett i høve til kva ein får att, skrev Statens vegvesen i eit notat til fylkeskommunen i 2019.

Dina Lefdal er i dag fylkesdirektør for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune.

– Bompengar går som regel til nyinvesteringar, seier ho.

Ho gler seg over at regjeringa har lagt til grunn 13,2 milliardar kroner i friske midlar i året til den nye tilskotsordninga, men legg til:

– Behovet er mykje større enn det fylkeskommunane klarar å løfte aleine.

– Gje oss fylkesvegløft utan eigendel

Jon Askeland (Sp) er fylkesordførar i Vestland. Han viser til at fylkeskommunane må stille med ein eigendel som er større eller like stor som det staten legg på bordet.

Og legg til at ei slik satsing nødvendigvis vil ramme andre budsjettpostar.

I ein facebook-status viser han til eit etterslep i milliardklassen og raset mellom Vik og Arnafjorden.

– I dag var me sekund unna at raset tok liv. Gje oss fylkesvegløft utan eigendel, skriv han.

I ei undersøking NRK gjorde tidlegare i år kom det fram kor mykje pengar som trengst for å halde ved like fylkesvegane. Totalt er talet på mellom 65 og 70 milliardar kroner.

Opplysningsrådet for Veitrafikken (OFV) har rekna ut at etterslepet på norske vegar veks med 3 milliardar i året.

– Fylkeskommunane må sjølv sikre framtidig vedlikehald, sa direktør i OFV, Øyvind Solberg, i januar.

Sprekker i asfalten på fylkesveg 60 mellom Grodås og Hellesylt

FARLEG: Fylkesveg 60 mellom Hellesylt og Grodås i Møre og Romsdal var på lista over dei 10 verste vegane i landet i ei kåring som NRK hadde i 2018.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

– Klar over at det er krevjande

– Det er viktig at fylkeskommunane sjølv prioriterer midlar til drift, vedlikehald og investeringar i fylkesvegnettet, fordi dei regionalt veit best kor det er nødvendig å gjennomføre tiltak, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Han legg til at regjeringa er «klar over at det er krevjande» for fylkeskommunane å prioritere midlar til å redusere vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane.

Det skal vere to kriterium for vegane som kjem under tilskotsordninga: (1) Forstørring av bu- og arbeidsmarknadsregionen og (2) viktige næringsvegar.

– Velfungerande næringsvegar er avgjerande for bedrifter, sa Hareide då han la fram planen.

Det siste sluttar Ole Anders Hope seg til. Han er dagleg leiar ved Dale Utleigebygg og fortel at kombinasjonen smale vegar og store biler er vanskeleg.

– I utgangspunktet ønskjer eg ikkje bompengar, men om det drar prosjektet nokre år nærmare tid er eg for, seier han.