Hopp til innhold

Lei av «forslumminga» av norske bygder

I Stryn i Nordfjord har kommunen fjerna 60 bilvrak. Demografiutvalet ber staten sponse tiltak mot «forslumminga» av norske bygder.

Bilvrak i Innvik

STRYN KOMMUNE: For å «gjere det hyggelegare å besøke distrikta» foreslår Demografiutvalet ei saneringsstøtte mot skjemmande objekt.

Foto: Sonja Helene Servan

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Om ein reiser rundt om i distrikta, er det ikkje uvanleg at du møter synet av forlate køyretøy. Nokon har stått der i fleire år.

– Det er ikkje noko fint å sjå på og det er fare for at batteri og kjemikaliar lekker ut i naturen, seier Ivar Kvalen, som er ordførar i Luster.

No er han lei:

– Vi har forståing for at folk treng lagringsplass i korte periodar, men no har fleire bil- og båtvrak stått på same plass i over ti år. Då tenker eg at folk må fjerne dei.

Forureiningslova seier det er ulovleg å oppbevare eller transportere avfall som er skjemmande eller til ulempe for miljøet.

Bilvrak i Luster

SKJEMMANDE: Denne polske bilen har stått plassert i Luster i over sju år. Ingen veit kven som eig vraket.

Foto: Aina-Elise Stokkenes / Aina-Elise Stokkenes

– Minna om ein skrekkfilm

– Fysisk forslumming, seier Kristian Aasbrenn, professor ved Høgskulen i Innlandet.

– Det er nesten litt som med folk som mister tenner og har hol på bukseknea. Det ser stussleg ut. Det minner meir om ein skrekkfilm enn «Sound of Music».

Aasbrenn sat i Distriktsdemografiutvalet, som vart leia av Victor D. Norman.

For å «gjere det hyggelegare å besøke distrikta» foreslår utvalet ei saneringsstøtte mot skjemmande objekt. Ei tilsvarande ordning er på plass i Danmark.

– Det blir verre og i delar av landet vil det rett og slett bli stussleg å bu og besøke. For kvart år som går der ingen ryddar opp, vil gamle hus og bilvrak bli gjengrodd, seier Aasbrenn.

Høyringsfristen til rapporten gjekk ut 26. mars. Innan det kom det inn meir enn 200 høyringssvar.

– Departementet er i gong med å summere opp innspela. Korleis dei enkelte forslaga frå utvalet eventuelt skal følgast opp vil bli vurdert i lys av høyringsinnspela og i samråd med råka departement, skriv Kommunal- og moderniseringsdepartementet til NRK.

Utvalet vil også at staten skal betale for rivinga av «spøkelseshus».

Flere bilvrak ligger på eiendommen Vollheim i Søndre Land.

STUSSLEG: Det ser stussleg ut. Det minna meir om ein skrekkfilm enn «Sound of Music», seier Kristian Aasbrenn i Distriktsdemografiutvalet.

Foto: Dag Kessel / NRK

– Vrakpanten burde gå opp ein del

Torbjørn Strømsli er dagleg leiar ved Sunnfjord Bil. Han meiner det ville betydd mykje å auke vrakpanten.

– Om det ikkje dekker frakta ein gong, så vert bilane ståande. Eg tenkjer difor at vrakpanten burde gå opp ein del.

– Kva pris meiner du vil vere tilstrekkeleg?

– Det er vanskeleg å seie, men rundt 6000 kroner ville nok hjelpt mykje.

Bilvrak; Kvænangen

TIL ULEMPE: Forureiningslova seier det er ulovleg å oppbevare eller transportere avfall som er skjemmande eller til ulempe for miljøet. Foto frå Kvænangen 2014.

Fjerna 60 bilar

I Stryn i Nordfjord har dei gått systematisk til verks for å fjerne skjemmande bilvrak. Ofte er eigarane vanskeleg å få tak i.

– Vi tek bilete av bilane og prøvar å finne eigarane i samarbeid med politiet. Vidare tar vi personleg kontakt med dei det skulle gjelde. Er ikkje bilen fjerna innan to veker, får dei eit brev med pålegg om å fjerne bilane, seier miljøvernkoordinator i Stryn kommune Sonja Helene Servan.

Berre i Stryn kommune har dei i løpet av dei siste 25 åra fjerna 60 bilvrak.

Ordføraren i Luster har blanda kjensler til forslaget om sponsa sanering.

– Vi vil jo ikkje at folk skal bruke det som ei kvilepute, at dei går ifrå rotet sitt mens ein ventar på at det offentlege ryddar opp, men det kan vere tilfelle der folk ikkje lenger bur i Noreg eller har døydd. Då kan det vere fornuftig at samfunnet grip inn.

Bilvrak i Klubbukt i Kvalsund

BILVRAK: Berre i Stryn kommune har dei i løpet av dei siste 25 åra fjerna 60 bilvrak. Her eit bilete frå Kvalsund.

Foto: Jan Harald Tomassen / NRK

Denne saka er ein del av «Den store folkevandringa», eit samarbeidsprosjekt mellom lokalaviser organisert i Landslaget for lokalaviser (LLA), Senter for undersøkande journalistikk (SUJO) og NRK

Saman lager vi saker om korleis folk i Noreg flytter på seg, kva det gjer med samfunnet vårt og kva framtida vil bringe.