Hopp til innhold

Politiet legg vekk saka som gjeld dødsulykke i Florø

Saka der tre unge omkom er lagt vekk. Førar av den eine bilen hadde skulda, men sidan personen er død, er saka lagt vekk.

Trafikkulukka ved Florø fredag 15. september.

To unge menn og ei ung kvinne omkom i trafikkulykka i Florø i september i fjor. Bilen dei tre sat i tok fyr etter å ha kollidert med ei møtande bil.

Foto: Firdaposten

– Det er ei tragisk ulykke der tre unge personar miste livet, seier politiadvokat og påtaleansvarleg Merete Sundal til NRK.

Statsadvokaten legg vekk saka om trafikkulykka i Florø i september 2023, der to bilar var involvert og tre unge personar omkom.

Sundal seier det har vore ei krevjande sak.

– Dette er ei sak som råkar mange, og det har vore viktig å kome til botns av den. Vi har hatt ei brei og grundig etterforsking, seier ho.

Skjedde grunna førarfeil

To bilar var involvert, og alle tre som sat i den eine omkom. To personar som sat i den andre fekk lettare skadar.

Førarane av begge bilane fekk status som sikta i saka, og køyretøya blei tatt i beslag.

I ei pressemelding opplyser politiet om at dei fekk opplysningar som gjorde at førar av bil nummer to, som blei påført lettare skadar, ikkje kunne lastast for ulykka.

Saka mot han er lagt som inkje straffbart forhold bevist.

Politiet har difor konkludert med at ulykka skjedde grunna ein førarfeil frå fører av bil nummer ein, og saka er lagt vekk fordi sikta er omkomen.

Sundal seier til NRK at dei ikkje fastslå kor fort bilane køyrde då ulykka skjedde.

– Vi kan ikkje seie noko meir enn at bil nummer ein kjem over i motgåande køyrefelt, der han kolliderer med bil nummer to. Utrekningar som er gjort tyder på at farten var over lovleg hastigheit på staden, men ein kan ikkje seie nøyaktig kva hastigheita var, seier ho.

Les også Ei dødsulukke måtte til for at dei skulle senke farta

Olai Kvamme-Humlestøl med vener i bilmiljøet i Sunnfjord

Har ikkje avdekka manglar

Politiet har innhenta vitneforklaringar, har gjennomført tekniske undersøkingar.

Det har ikkje blitt avdekka feil eller manglar ved køyretøya som kan ha forårsaka verken kollisjon eller den etterfølgande brannen.

Politiet melder også at det ikkje er mistanke om rus eller medisinske grunnar som kan forklare ulykka.

Sundal opplyser at brannen kom som følge av skader i bilen i samband med ulykka.

Les også Ordfører i Kinn om dødsulykken: – En ufattelig tragedie

Bil i brann etter ulykke i Florø