Hopp til innhold

Legg opp etter alvorleg kneskade

Ein av landets beste volleyballspelarar, Martin Berntsen, har bestemt seg for å legge opp som eliteseriespelar.

Martin Berntsen

- Volleyball har alltid vore ein hobby for meg og eg er byrja å dra på åra. Eg ser ikkje at eg hadde kunne halde fram så mange år som spelar, seier Martin Berntsen. No bidreg han frå sidelinja som trenar saman med Frank Roger Kalstad (t.v.).

Foto: Oddleif Løset / NRK

Vegen tilbake etter den alvorlege kneskaden for eitt år sidan vart for lang og kronglete.

- På elitenivå er det sjanselaust. Det blir for mykje hopping og støt, og brusken i kneet er øydelagt. Vi får sjå om det blir noko med 3. divisjonslaget med tid og stunder, resignerer Martin Berntsen frå Naustdal.

Brot i kneet

Det nærmar seg eitt år sidan sist 32-åringen spelte volleyball. 25. november i fjor vart skaden eit faktum i serietapet heime for Kristiansund .

Lagkameratane, og kompisane, Geir Eithun og Berntsen gjekk på det same legget og støytte saman.

- Det var ein kombinasjon av mange uhell på same tid. Legget var for kort og både eg og Geir gjekk på legget. Han trefte meg medan eg var i lufta og med overstrekk i kneet landa eg på ein fot. Samstundes landa han på meg slik at lårbeinet slo gjennom kneet og ned i leggbeinet. Leddbanda var heile, men menisken måtte lirkast t frå ei grop i beinet og syast saman, fortel Berntsen.

- Vemodig

Berntsen har spelt for fleire klubbar på toppnivå i Norge og har både cup- og seriemeisterskap. I tillegg til eit opphald i USA. I 2003 var ringen slutta då han som 25-åring vende heim for å spele for Førde.

I 2005 og 2006 vart han kåra til den beste volleyballspelaren i Norge. Det vart med 44 kampar med flagget på brystet.

Naustedølen har prøvd å trene det han har kunna og kjenner framgong. Likevel reknar han det som utelukka med fleire kampar i eliteserien.

- Det er klart det er vemodig å tenke på at det er slutt, men sidan det skjedde har eg hatt det i bakhovudet at det kunne gå den vegen. Kanskje eg kunne klart å kome attende, men ikkje for ein kvar pris. Om fem år, og ikkje ti-femten år, hadde eg kanskje måtte bytte ut heile kneet. Det handlar også om livskvalitet, seier han.

- Ein av dei beste

Arild Undheim

Arild Undheim tykkjer det er synd at Martin Berntsen må gi seg. - Han var i sitt livs form då han vart skadd, seier Undheim.

Foto: NRK

Arild Undheim var trenar for Berntsen i Førde. Han skildrar naustedølen som ein av dei beste som har spelt på Førde, og ein av dei beste i landet dei sesongane han var på sitt beste.

- Han var ikkje den som slo hardast eller hoppa høgast. Men han var veldig smart. Og ein av dei få som har spelt på alle plassar, sjølv om det kanskje var mest kantspelar, mottakar og angripar han var mest kjend som, seier Undheim.

Kunne blitt proff

Berntsen vurderte aldri å ta steget til ei proffkarriere i utlandet. For han var volleyball ein hobby.

- Eg kunne nok sikkert prøvd om eg ville etter USA, men eg prioriterte andre ting, seier han.

Undheim trur 32-åringen hadde lukkast om han prøvd.

- Det er ikkje godt å seie, men han har hovud og evne til å klare det. Han veit nok også sjølv at han ville klart seg veldig godt om han prøvde seg, avsluttar Undheim.