Hopp til innhold

Legg ned kontor i Årdal og Høyanger

Sparebanken Vest legg ned ti av sine filialar, blant dei kontora i Årdal og Høyanger.

Sparebanken Vest

LEGG NED: Sparebanken Vest har bestemt seg for å leggje ned sine filialar i Årdal og i Høyanger.

Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Dermed mister dei to industribygdene på nytt arbeidsplassar. Nedlegginga av bankfilialane føyer seg inn i rekkja av nedleggingar, der hundrevis av arbeidsplassar har forsvunne sidan 2000.

Uklart kven som må gå

Kommunikasjonsdirektør i Sparebanken Vest, Siren Sundland, seier til Bergens Tidende at kutta kjem som ei følgje av ei innsparing på 60 millionar kroner på drifta. Rundt 60 medarbeidarar må gå, men kven det blir er førebels ikkje klart.

– Det er ikkje slik at dei som er tilsette på kontora som blir lagt ned blir overflødige. Vurderinga av kven som blir overflødige vil vere basert på samsvar mellom medarbeidaren si erfaring og kompetanse og framtidas kompetansebehov og arbeidsmåtar i banken, seier Sundland til avisa.

I tillegg til kontora i Årdal og Høyanger, legg Sparebanken Vest ifølgje BT ned sine filialar på Nesttun i Bergen, Masfjorden og Fedje i Nordhordland, Granvin, Utne, Strandebarm og Røldal.

Færre tek fysisk kontakt

Årsaka til nedlegginga er endra bruksmønster av tenestene, der fleire nyttar banktenester på nett og mobil, i tillegg til behovet for å skape større, og meir robuste fagmiljø, skriv Sparebanken Vest i ei pressemelding.

– Det er viktig å understreke at kontora våre i Høyanger og Årdal har vore veldrive i alle år, men utviklinga i finansbransjen gjer at banken må vere i forkant når det gjeld å tilpasse seg endringar, seier Atle Stalheim som er regionbanksjef for privatmarknaden i Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

– I løpet av to år har talet på manuelle banktransaksjonar i Sparebanken Vest blitt redusert med 42 prosent, medan talet påloggingar i sjølvbetente kanalar har auka med 32 prosent berre siste året. Knapt 20 prosent av kundane våre kjem innom kontora våre ein gong i løpet av kvartalet, legg han til.

Stalheim seier dei vil halde ope fram til 26. april i Årdal og 26. juni i Høyanger.

– Alle som ønskjer å lære meir om våre sjølvbetente tenester er hjarteleg velkomne inn for å få ei opplæring i desse. Eg trur at kundane våre likevel blir nøgde med det totale tilbodet vårt etter ein liten omstillingsperiode.

Sparebanken Vest presenterte tidlegare i år tal som syner ei solid forbetring i lønsemda i 2012.