Hopp til innhold

Legg ned fabrikk – nær 40 mistar truleg jobben

Fabrikken Nyrstar legg ned produksjonen i Høyanger i Sogn og 36 arbeidarar mistar truleg jobben. Dette trass i at fabrikken gjekk med solid overskot i 2019 og sette produksjonsrekord i sommar.

Nyrstar i Høyanger

SLUTTAR Å PRODUSERE: Fabrikken til Nyrstar i Høyanger resirkulerer biprodukt frå sinkindustrien.

Foto: NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

NRK har torsdag kveld fått stadfesta frå verksemda at dei stansar produksjonen av resirkulert metall i industristaden.

– Jobbane til rundt 36 Nyrstar-tilsette som arbeider på Høyangeranlegget, vil sannsynlegvis bli råka av denne avgjerda. Ein konsultasjonsprosess går føre seg med tilsette i samarbeid med lokale fagforeiningar, skriv informasjonsdirektør i Nyrstar, Gytha Steenvoorden.

NRK er kjende med at dei tilsette blei orientert på eit allmøte for nokre dagar sidan og at kommunen og næringsapparatet i Høyanger er orientert.

Industrikommunen har tidlegare blitt hardt råka av nedleggingar, mellom anna etter konkursen i felgprodusenten Fundo. Då mista over 300 arbeidet sitt.

Rekneskapstala syner at Nyrstar i Høyanger hadde eit overskot på over 27 millionar i 2019 av ein omsetnad på over 103 millionar kroner.

Fatta mistanke i juli

Tillitsvald for arbeidarane på Nyrstar-fabrikken, Terje Ljotebø, tykkjer det er trist at dei no blir lagt ned.

– Det er ikkje noko bra avgjerd for oss. Vi har hatt mistanken, vi visste at det kunne skje. Men vi håpa i det lengste at det ikkje skulle skje, seier Ljotebø.

Nedlegginga kjem trass i at fabrikken har sett stadig nye produksjonsrekordar og hatt ei god og stabil drift, også i koronaperioden.

Ljotebø fortel at dei fekk mistanke om Nyrstar sine kuttplanar i juli.

– Vi fekk beskjed om at vi ikkje fekk leveranse av råstoff frå Nyrstar i Holland. Etter det har vi venta på at vi skulle få denne beskjeden.

Hydro er i dag den største industriaktøren i Høyanger og Nyrstar held til på deira område.

– Siste ord er ikkje sagt

– Det er nesten ikkje ende for kva dette lokalsamfunnet skal gå gjennom, seier ordførar i Høyanger, Petter Sortland.

Han reagerer på at avgjerda vart teken, trass ei god omsetjing i 2019.

– Akkurat no er det visst meir lønnsamt å gjere denne type produksjon i søraust Asia og Kina. Bedrifta gjekk jo utruleg godt, så dette er berre trist.

Petter Sortland, ordførar i Høyanger (Ap)

SKUFFA: – Ei slik avgjerd syner problemet med å vere ein del av eit stort internasjonalt konsern. Dei slepp å sjå dei tilsette i auga, seier ordførar i Høyanger, Petter Sortland.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Offisielt heiter det at Nyrstar «har til hensikt å setje sitt anlegg i ein vedlikehaldsmodus». I praksis vil det seie at dei stenger ned all produksjon. Berre leiinga i verksemda blir igjen, enn så lenge, får NRK stadfesta.

Sortland påpeiker at selskapet framleis har ein lang leigekontrakt med fabrikken, som dei må fullføre, dersom nye eigarar ikkje kjem inn og tek over.

Samstundes er fokuset retta mot å finne nye eigarar slik at ei ny drift kan etablere seg på staden.

– Det blir vanskeleg, det er berre å innrømme det. Men siste ord i denne saka er ikkje sagt, seier han.