Legevaktsjef: – Vi vil få små grupper der det plutseleg kjem smitte

Medan koronasmitten aukar, droppar fleire store arbeidsplassar heimekontor etter sommarferien. Legevaktsjefen i Bergen er bekymra, og fryktar at fleire blir smitta dei komande vekene.

Fungerende legevaktsjef i Bergen, Annette Corydon ved legevaktens drive throug-telt

KJEMPEUTFORDRING: Fungerande legevaktsjef ved Bergen legevakt, Annette Corydon, seier Bergen kommune har forsøkt fleire ting for å ha god kontroll på smitten.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Ved midnatt var det registrert 9334 tilfelle av koronasmitte i Noreg. Det er 66 fleire enn dagen før.

Tysdag testa ytterlegare to positivt i Bergen. Ein av dei var passasjer på hurtigruteskipet «Roald Amundsen».

Mange sluttar med heimekontor

Likevel vel fleire store bedrifter no å avvikle heimekontoret, og ber tilsette kome tilbake på jobb. Universitetet i Bergen har rundt 4.500 tilsette. Dei reknar med at halvparten kjem tilbake på jobb etter ferien.

Direktør Kjell Bernstrøm er klar på at dei likevel føl råda til Folkehelseinstituttet (FHI).

– Slik vi oppfattar råda no, kan ein kombinere ulike løysningar. Ein kan velje å halde fram med heimekontor, men vi har behov for at nokre i periodar er på jobb. Vi opnar også for fleksibel arbeidstid, slik at ein kan sleppe rushet i kollektivtrafikken, seier han.

Vil ikkje tvinga folk på jobb

UiB-direktøren forklarar at reaksjonane frå dei tilsette er ulike.

– Vi kjem ikkje til å tvinge nokon på jobb, men samtidig er det semesterstart komande måndag og vi ventar 19.000 studentar. Vi har eit ansvar for å legge til rette for at studentane får tilbodet dei har krav på, seier han.

Sjølv om det kan bli utfordrande vil dei overhalde retningslinjene frå FHI, også når semesteret startar.

– Vi har målt opp auditoria kor det blir fysisk undervisning, og vi har leigd tilleggsareal i sentrum, seier han.

STIGMA:

FRYKTAR AUKE: Fungerande legevaktsjef Annette Corydon fryktar at koronasmitten vil dukka opp i små grupper i tida framover.

Foto: Even Norheim Johansen

– Vil få små smitteutbrot

Fungerande legevaktsjef ved Bergen legevakt, Annette Corydon, er uroa for kva som vil skje når folk kjem tilbake til arbeid og skule etter ferien.

– Eg trur vi kjem til å sjå ein auke. Vi vil få små grupper der det plutseleg kjem smitte. Det kan vere på universitetet, på ein skule eller ein arbeidsplass. Vi klarer ikkje å halde avstand lenger, og det blir fullt på bussane, seier legevaktsjefen.

Ifølgje VG er no Bergen kommune ein av fem kommunar i Noreg der ein ser stigande smitte.

– Det uroar oss. Vi har forsøkt mange ting i kommunen for å ha god kontroll på smitten. Men akkurat no når folk kjem tilbake frå ferien er det ei kjempeutfordring å klare å fange opp smitten, seier Corydon.

Ber 200 møte på kontoret

Både helsedirektøren og fylkespolitikarar oppmodar til heimekontor ut året. Hos fylkesmannen i Vestland har 200 tilsette likevel fått beskjed om å møte på kontoret som normalt frå 1. august, ifølgje BT.

Fylkeslegen i Vestland, Helga Arianson, stolar på at arbeidsgivarane føl nasjonale retningslinjer.

– Eg er trygg på at vi har ansvarlege leiarar som ikkje ønskjer å utsetje arbeidstakarar eller verksemder for smitte. Eg trur dei føl nasjonale råd, og det er råd som må tilpassast, seier ho.

Fylkeslege i Vestland, Helga Arianson

TILLIT: Fylkeslege i Vestland, Helga Arianson, stolar på at arbeidsplassane sjølve tek ansvar for å hindre smittespreiing.

Foto: Ina Romslo Rønning / NRK

Arianson trekkjer samtidig fram at alle arbeidsplassar må gjere konkrete vurderingar.

– Dersom nokon må ta kollektivtransport kor det er trengsel, må ein vurdere om vedkommande heller bør ha heimekontor, seier ho.

Til trass for to ferske smittetilfelle, meiner Arianson at det ikkje er stor risiko for smitte.

Jan Helge Dale, kommuneoverlege i Kinn kommune, opplever at folk har begynt å slakke ned på smitteverntiltaka.

– Vi ønskjer oss tilbake til livet vi vanlegvis levde, med meir sosial kontakt og retten til å reise dit vi vil – anten det er på «harry-handel» eller til varmare strøk. No må den enkelte ta eit ansvar framover, seier han.

Status Norge

Sist oppdatert: 24.09.2020
778
Siste uke
19
Innlagt
267
Døde