Legeopprop frå heile landet: – Tiltaka meir belastande enn pandemien

Kommuneoverlegar fryktar at delar av helsetenesta kan knele som følge av innskjerpa koronatiltak.

Øystein Furnes, kommuneoverlege, Sunnfjord

SKUFFA: Øystein Furnes har skrive innlegg på vegner av 47 kommuneoverlegar, smittevernlegar og samfunnsmedisinarar.

Foto: Håvard Heggen / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

I eit innlegg i Aftenposten tek 47 kommuneoverlegar, smittevernlegar og samfunnsmedisinarar eit generaloppgjer med helsestyremaktene sin korona-strategi.

«Koronaspagaten er blitt utålelig», skriv hovudforfattar og kommuneoverlege i Sunnfjord, Øystein Furnes.

Han meiner regjeringa ikkje tek nok innover seg at folk skal leve med pandemien over lang tid, og at vaksinasjonsdekninga er «særs god».

Innlegget er skrive etter at regjeringa innførte nye, nasjonale tiltak – der mellom anna meteren er innført att og det er innført skjenkestopp ved midnatt.

– Det er ikkje pandemien som har affisert oss. Det er tiltaka, seier Furnes til NRK.

Han viser til at innstramminga medfører betydeleg belastning på drift, ikkje minst med tanke på sjukefråvær.

Innskjerping

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) varsla at det kan kome nye tiltak, og at det blir gjort ei ny vurdering rett før jul.

Årsaka er auka smitte i befolkninga og usikkerheit rundt omikron-varianten.

Det Furnes fryktar aller mest no, er meir nedstenging og nye rundar med smittesporing. Han seier det blir særs krevjande to år ut i ein pandemi, der «alle som jobbar med det er veldig slitne».

– Er du redd for at det skal bryte saman?

– Ja, eg er veldig bekymra for det.

– Dårleg planlegging

Kommuneoverlegen meiner årsaka til den massive nedstenginga først og fremst skuldast manglande intensivkapasitet, og dårleg planlegging over tid.

Furnes hevdar helsestyremaktene ikkje burde vere overraska over aukande smitte og nye mutasjonar, etter gjenopninga tidlegare i haust.

Han skriv:

«Vi MÅ få i gang eit normalisert samfunnsliv att, det er ikkje så mykje meir vi kan gjere for å redusere risiko ved pandemien.»

– Det har ikkje vore tydeleg kommunikasjon og planlegging i fredstid. I staden kjem det sterke stemmer i ein meir krigsliknande tilstand.

Får støtte

Kommuneoverlegen i Hammerfest er ein av mange legar som stiller seg bak innhaldet i artikkelen.

Sonni Schumacher beskriv no ein kvardag der mange i befolkninga er «livredde for smitte».

Samstundes understrekar ho at det ikkje er covid-19 som akkurat no er mest belastande, ettersom rundt 90 prosent av den vaksne befolkninga har fått vaksinering.

Hovudproblemet er at kvart smittetilfelle «krev uproposjonalt mykje ressursar».

– Nye tiltak bidreg til å auke denne belastninga for kommunane.

Tiltak som kommunane må utføre under pandemien er mellom anna vaksinering, testing, smittesporing, bruk av smittevernutstyr og informasjon til befolkninga.

Sonni Schumacher, kommuneoverlege i Hammerfest kommune

FOLK ER REDDE: Kommuneoverlege Sonni Schumacher har skrive under på innlegget om det ho meiner er manglande koronastrategi.

Foto: Eirik Sørenmo Påsche / NRK

Kommuneoverlegen i Askøy kommune, Kristin Cotta Schønberg, meiner det er på høg tid å få i gang debatten om korleis befolkninga skal leve med koronaviruset, som eit av mange luftvegsvirus.

Ho opplever at folk no i større grad er trøytte og leie av dei ulike tiltaka.

– Vi vaksinerer fortløpande i kommunane no, så stadig fleire får beskyttelse mot alvorleg sjukdomsgang og død.

Forstår frustrasjonen

Helse- og omsorgsministeren Ingvild Kjerkol (Ap) seier ho «forstår godt at mange er lei av smitteverntiltak og restriksjonar».

– Regjeringa er oppteken av å ha openheit om pandemihandteringa og ønsker debatten velkommen.

Ho viser til at kommunane er og har vore førstelinja under heile pandemien, og at det er eit mål å gi kommunane føreseielegheit i ein uoversiktleg situasjon.

På spørsmål om ho kjem til å lytte til legane, svarar ho:

– Regjeringa baserer seg i stor grad på faglege råd frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet, men vi er lydhøyre for alle gode innspel.

Helsepolitisk talsperson for Arbeiderpartiet, Ingvild Kjerkol

FORSVARAR TILTAKA: Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) forsvarar nye tiltak og innstramming med at helsetenesta ikkje skal bli overbelasta.

Foto: Ingrid Lindgaard Stranden

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 18.01.2022
66 344
Smittede siste 7 dager
238
Innlagte
1 383
Døde
4 301 660
Vaksinerte