Hopp til innhold

Legemiddelverket forbyr salg av Vollviks munnbind

Idar Vollviks nettbutikkar er pålagt omsetningsforbod av Statens legemiddelverk. Politiet meiner eit stort beslag kan knyttast til feilmerking og ulovleg salg av munnbind.

Idar Vollvik, munnbind

FORBOD: Legemiddelverket ønsker å innføra omsetnadsforbod for munnbind frå Idar Vollvik sitt firma Vivo AS.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Tidlegare torsdag melde Legemiddelverket at dei jobba med å få på plass eit omsetningsforbod for munnbind frå Idar Vollvik sine selskap.

Torsdag kveld er det klart. I ei pressemelding at omsetningsforbodet er sett i verk med umiddelbar verknad.

– I ein politiaksjon i Bergen 1. og 2. september 2020 avdekka Legemiddelverket at ikkje-medisinske munnbind hadde blitt ommerka og feilmerka for å framstå som medisinske munnbind, skriv Legemiddelverket.

Forbodet omfattar marknadsføring og omsetning av medisinske munnbind frå selskapa Vovi AS, Ludo Store AS og Norske Nettbutikkar AS.

– Hvis merkinga ikkje samsvarar med produktet, kan det gi ein falsk tryggleik og alvorleg risiko og konsekvens for brukar, skriv Legemiddelverket i pressemeldinga.

Feilmerking

I går frårådde Legemiddelverket at produkta til Vollviks firma Vovi AS blir brukt i helsetenesta og av forbrukarar som treng smittevern.

Tysdag vart den tidlegare mobiltelefongründeren Idar Vollvik pågripen av politiet på veg til jobb i Bergen. Han er sikta for ompakking og feilmerking av munnbind som er selde vidare på nettet.

Politiet meiner de kan dokumentera at Vollvik har pakka om såkalt ikkje-medisinske munnbind, som deretter er selde som kirurgiske munnbind på nettbutikken Ludostore.

Vollvik vart sett fri onsdag kveld.

– Stor ulovleg mengde

Forsvararen til Vollvik, Einar Råen, har tidlegare sagt at det er eit lite parti munnbind som er knytta til siktinga.

Det avviser politiadvokat Sigrid Sulland overfor NRK.

– Me har gjort eit stort beslag, og meiner ein større mengde kan knyttast til det ulovlege forholdet.

Ho seier at så langt er rundt 20 vitne avhøyrde i saka.

Ein av Vollviks tilsette er også sikta i saka. Sulland seier at det utelukkande er fordi politiet skulle gjera elektroniske beslag hjå vedkommande.

– Etter at Vollvik vart lauslaten er det ingen pågripne i saka, og heller ingen planar om det, seier Sulland.