Hopp til innhold

Lege brukte ikkje smittevernutstyr då han testa korona-sjuk pasient

Kommunelegen brukte verken hanskar eller frakk då han kom heim og inn i huset til ein pasient, som seinare viste seg å vere smitta av koronaviruset.

Lars Helge Sørheim

ER FRISK: Kommunelege Lars Helge Sørheim seier at han er frisk og han utfører legearbeid frå heimekontor.

Foto: Marius Knutsen / Sunnhordland

Pasienten er den første som har testa positivt i Stord kommune i Vestland.

Til nettavisa Stord24 fortel vedkomande at han tok kontakt med legevakta på Stord etter mistanke om smitte. Vedkomande hadde vore på ein stad der det var påvist koronasmitte.

Stordabuen fekk beskjed om å halde seg sjølv og familien i karantene. Dagen etterpå ringde kommunelege Lars Helge Sørheim på døra. Han gjekk inn i huset og sette seg ved eit bord saman med pasienten.

Pasienten: – Eg vart sett ut

Til Stord24 fortel pasienten at legen hadde på seg heilt vanlege klede og at han først tok på seg vernebriller og munnbind då han tok sjølve testen. Verken hanskar eller frakk vart brukt.

Etterpå fekk pasienten beskjed om at ungane ikkje trong vere i karantene.

Vedkomande meiner kommunelegen har vist ein naiv framgangsmåte.

– Eg blei jo heilt sett ut. Sjølv om eg ikkje jobbar i helsevesenet, så reagerte eg jo på det. Men det var først då andre kom til meg og fortalde kor gale dette var at eg blei stressa, seier pasienten til avisa.

Legen: – Eg er frisk

Sjølv viser Sørheim til rådmann Magnus Mjør då NRK tek kontakt for å få eit intervju.

– Eg er å sjå på som ikkje smitteførande, men har valt å gå i karantene for å vere sikker vidare framover. Er frisk, skriv Sørheim i ein SMS til NRK.

Stord kommune stadfestar at det var Sørheim som tok testen som no har vist seg å vere positiv, skriv avisa Sunnhordland. No utfører han deler av oppgåvene sine frå heimekontor, medan ein annan lege tek seg av dei fysiske møta med pasientane.

Rådmannen i Stord kommune, Magnus Mjør, seier dei skal revidera alkoholreglane til våren.

VEDGÅR FEIL: Rådmann Magnus Mjør vedgår at legen ikkje brukte følgde retninslinene då han testa pasienten.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Rådmannen: – Avvik vi skulle ha vore utan

Rådmann i Stord, Magnus Mjør, seier til NRK at det ikkje er grunn til å tvile på pasienten si framstilling av det som har skjedd.

– I etterpåklokskapens klare lys, så er jo dette eit avvik vi skulle ha unngått, seier Mjør til NRK.

Etter heimebesøket har Sørheim testa fleire pasientar, men ifølgje rådmannen skal det ikkje ha vore kroppskontakt og ingen har testa positivt.

– Hendinga har heller ikkje fått konsekvensar for beredskapen i Stord kommune, seier rådmannen.