Hopp til innhold

Lege åtvarar: – Folk tek ikkje influensaen på alvor

Du er kanskje blant dei 1,6 millionane i Noreg som bør ta årets influensavaksine. Kvart år aukar talet på dei med influensa som må på sjukehus.

Øystein Furnes i Førde kommune

FARLEG: Kommuneoverlege Øystein Furnes meiner folk må forstå at influensa er ein alvorleg sjukdom.

Foto: Raymond Lidal / NRK

– Mange tenker ikkje på influensa som noko farleg, men det er ein veldig alvorleg sjukdom, seier kommuneoverlege i Førde, Øystein Furnes.

Influensasesongen nærmar seg med stormsteg. På legekontor og apotek over heile landet blir det no sett sprøyte på sprøyte med årets influensavaksine.

Sjukdomen, som blant anna gir sår hals, vondt i kroppen og feber, kan bli langt meir alvorleg enn kva folk trur.

– Influensa kan vere veldig farleg. For det første kan du døy, og eldre og kronisk sjuke kan bli meir svekka etter å ha hatt influensa, seier Furnes.

Folkehelseinstituttet meiner at 1.6 millionar av oss bør beskytte oss mot sjukdommen, men langt frå alle gjer det.

– Blir ikkje sjuk

Av dei vi møtte på gata i Måløy tysdag føremiddag, var det eit fåtal som hadde planar om å ta turen til legekontoret for å ta vaksine.

– Eg har aldri tatt vaksine, for eg har ikkje hatt influensa, seier Orlaug Ødegård.

Andre sa dei blei sjuke av å ta vaksine og difor ikkje hadde tatt på mange år.

Terje Solvåg var blant ein av dei få vi møtte, som tek vaksine kvart år.

– Det er viktig for helsa mi, og så føler eg meg tryggare, seier han.

Terje Solvåg

TEK VAKSINE: Terje Solvåg er blant dei som tek vaksine mot influensa.

Foto: HARALD KOLSETH / NRK

– Friske kan døy

Sidan 2008 er talet på innlagde på norske sjukehus med influensa åttedobla. Det er også fleire som døyr av sjukdomen, spesielt eldre personar.

– Dei fleste som døyr av influensa er svekka på ein eller annan måte, men også friske kan døy, seier kommuneoverlege i Førde, Øystein Furnes.

For å vere best mogleg beskytta bør du ta vaksinen mellom oktober og november/desember kvar år.

– Influensa er eit lurt virus som forandrar seg heile tida. Det gjer at vi må kome med nye vaksinar kvart år. Ei vaksine vil berre gi god dekning ein sesong, seier Furnes.