Legane ber styret i Helse Førde gjere «radikale endringar» i føretaksleiinga

Dei lege-tillitsvalde i Helse Førde meiner det har utvikla seg ein mistillit mot administrerande direktør Jon Bolstad som er så djuptgripande at berre «radikale endringar» kan løyse krisa.

Torgeir Folkestad, Jens Ola Evjensvold, Hans Jacob Westbye

TILLITSVALDE: F.v. føretakstillitsvald Torgeir Folkestad i Yngre legars foreining, føretakstillitsvald i Norsk overlegeforeining, Jens Ola Evjensvold, og tillitsvald i overlegeforeininga, Hans Jacob Westbye.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

I eit 36 sider langt tilsvar til rapporten etter mistillit- og varslarsakene i Helse Førde i vinter, hudflettar dei legetillitsvalde deler av konklusjonane som granskarane frå Steenstrup Stordrange kom fram til.

Dei uttrykker også mistillit til administrerande direktør Jon Bolstad og gjev han skulda for at helseføretaket no er inne i ei djup tillitskrise. Dei ber styret i Helse Førde ta dei nødvendige grepa.

– Vi er komen til eit punkt der vi ikkje kan kome vidare utan at det skjer radikale endringar i føretaksleiinga, seier føretakstillitsvald Torgeir Folkestad i Yngre legars foreining.

Administrerande direktør Jon Bolstad skriv i ein SMS til NRK at han ikkje ynskjer å kommentere tilsvaret frå dei legetillitsvalde.

«Rapporten (granskingsrapporten red. merkn.) er behandla av styret, og styreleiar og eg arbeider med oppfølging av vedtaka», skriv Bolstad i SMSen.

Han viser også til SMSen når NRK i ein e-post tilbyr han tilsvar til skuldingane om tillitskrise.

Jon Bolstad

KREV ENDRING: Dei tillitsvalde for legane i Helse Førde meiner det er eit «utbreitt, omfattande og alvorleg tillitsbrot» mellom toppleiinga og leiinga i fleire nivå nedover i organisasjonen. Det vil ikkje løyse seg før styret har gjort «radikale endringar» i toppleiinga, meiner legane.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Juridisk hjelp

Tilsvaret frå legane med kritikk mot granskingsrapporten og toppleiinga er skriven med hjelp av to juristar i Den norske legeforening. Deira konklusjonar får støtte av jurist i Norsk sjukepleieforbund.

Legane er kritisk til at granskingsrapporten som vart levert i januar, tona ned og avviste brot på arbeidsmiljølova og hovudavtala, etter forsøket på ei omorganisering av Helse Førde i fjor.

Konklusjonane i rapporten frå dei som granska Helse Førde, vart den gongen karakterisert som mild kritikk mot føretaksleiinga.

I tilsvaret sitt ramsar legane opp åtte punkt dei meiner er kritikkverdig. Fleire går på tvers av konklusjonane til Steenstrup Stordrange (sjå punkta i faktaboks til høgre).

– Vi meiner føretaksleiinga har brote både arbeidsmiljølova og hovudavtalen. Vi har registrert at det er eit utbreitt, omfattande og alvorleg tillitsbrot mellom toppleiinga og leiinga i fleire nivå nedover. Og det verkar som om mistilliten går begge vegar. Hovudansvaret meiner vi ligg hjå administrerande direktør. Vi opplever ikkje at toppleiinga med Bolstad i spissen tek bekymringsmeldingane våre på tilstrekkeleg alvor, seier Evjensvold.

Jens Ola Evjensvold, Torgeir Folkestad, Hans Jacob Westbye

– Vi er eit helseføretak i ubalanse, meiner overlege Jens Ola Evjensvold. I midten tillitsvald Torgeir Folkestad og til høgre tillitsvald Hans Jacob Westbye.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Tillitskrise

I tilsvaret står det at Legeforeininga «ser alvorleg på leiinga si manglande forståing og respekt for lov- og avtaleverk som verksemda er bunden av, og forventar at styret følger opp dette».

Dei legetillitsvalde hevdar situasjonen ikkje er blitt betre.

Evjensvold seier krisa går ut over pasientane i Helse Førde.

– Det er veldig mykje tankeverksemd, arbeid- og tidsbruk forbunde med ei slik mistillitssak. Det går ut over mellomleiarane som må bruke tid og krefter på dette i staden for pasientane.

– Kva meiner de med «radikale endringar»?

– Alt i november uttrykte vi mistillit til toppleiinga til Helse Førde. Vi håpar at styret vil ta tilsvaret vårt på alvor og at gjer dei vedtak som er naudsynte, seier Evjensvold.

– Meiner de at Bolstad bør gå?

– Vi meiner at mistilliten i leiarlinjene fører til at Helse Førde ikkje klarar å omstille seg i den grad det er naudsynt for framtida.

– Vi er komen til eit punkt der vi ikkje kan kome vidare utan det skjer radikale endringar i føretaksleiinga, seier Torgeir Folkestad.

Jon Bolstad og Agnes Landstad

BRÅK: Det bryggjer opp til storm rundt administrerande direktør Jon Bolstad. Styreleiar Agnes Landstad seier styret har tillit til Jon Bolstad.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Har tillit

Styreleiar Agnes Landstad i Helse Førde seier styret har tillit til administrerande direktør Jon Bolstad.

– Det går føre seg eit utviklingsarbeid på dei læringspunkta som kom fram etter faktarapporten. Så skal vi handsame tilsvaret frå legane på neste styremøte.

– Juristane i legeforeininga konkluderer med at lova vart broten, stikk i strid med kva granskinga kom fram til. Kva kan du seie om det?

– Eg held meg foreløpig til konklusjonane styret fekk i rapporten. Styret meiner det var eit grundig arbeid, seier Landstad.

Tek til vitande

Advokat Torkel Tveit i advokatfirmaet Steenstrup Stordrange fortel at mandatet for deira undersøking var eit varsel retta mot tidlegare viseadministrerande direktør og føretaket sin forvaltningskultur.

– Prosessen knytt til avbroten prosjektorganisering hausten 2016 var berre eit av mange moment. Dei tillitsvalde i legeforeininga fokuserer naturleg nok berre på dette momentet. Vi har eit omfattande kjeldemateriale, men tek til vitande at legane er usamde i fleire av våre vurderingar. Vi held oss til styret i Helse Førde, og vil svare på spørsmål som måtte bli stilt. Vår foreløpige gjennomgang av tilsvaret seier at det ikkje er grunnlag for viktige endringar, skriv Tveit i ein e-post til NRK.