Lastebilsjef meiner bru over Sognefjorden er unødvendig

– Det er ikkje nødvendig å bytte ferje med bru over Sognefjorden. Det meiner Rolf Olav Tenden, leiar i Lastebileigarforbundet i Sogn og Fjordane.

Rolf Olav Tenden

VIL UTSETJE BRU: I staden for å bruke enorme summar på bru over Sognefjorden, må ein heller bruke meir pengar på å utbetre eksisterande veg på E39, meiner Rolf Olav Tenden, leiar i Lastebileigarforbundet i Sogn og Fjordane.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Fjordkryssingane kan ein utsetje. Vi er ikkje negative til bruer over Nordfjorden og Sognefjorden, men det får kome når ein får tid og har midlar til å byggje så fantastiske prosjekt, seier Tenden.

Stortinget har tidlegare slutta seg til ein strategi for korleis ein utbetra og ferjefri E39 kunne gjerast ferdig i løpet av 20 år og stå klar i 2035. Men kostnadene med prosjektet har gått i været og no signaliserer Statens vegvesen at 2050 er eit meir realistisk tidspunkt for når heile E39 kan vere ferjefri.

Sjåførane treng pause

I Sogn og Fjordane er planen at både Nordfjorden og Sognefjorden skal kryssast med bru. Men spesielt når det gjeld Sognefjorden er det ikkje nødvendig med noko bru, meiner Tenden.

– Sjåførane treng uansett ein pause, seier han.

Tenden meiner det er betre å oppruste eksisterande vegnett på E39 enn å bruke enorme summar på ferjefrie fjordar.

– Delar av E39 har så låg standard at det er ei skam, seier han.

Vil ikkje utsetje brubygging

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) meiner det blir feil å utsetje dei planlagde bruene over Nordfjorden og Sognefjorden.

Jenny Følling på talarstol

VIL HA BRU: Vi treng bruer både over Sognefjorden og Nordfjorden for å kunne få best mogleg effektiv transport, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

–Eg er samd med Rolf Olav Tenden i at vi skal ruste opp vegen først, men vi skal ikkje leggje bruene på vent.

Men no seier Tenden at sjåførane uansett treng pausar. Treng ein då å bytte ut ferjene?

– Ja, sjåførane treng pausar. Men det trengst fleire bruer mellom Stavanger og Trondheim. Ambisjonen er at ein både skal ruste opp E39 og byggje fleire bruer, seier ho. Følling viser til at det er ei stor verdiskaping på Vestlandet og det er mykje godstransport langs E39.

– Vi må vi ha ei rask opprusting av vegen og vi treng nye bruer, seier ho.