Hopp til innhold

Lastebilsjåfør såg det han er sikker på var ubåt

Frank Vik frå Dale i Sunnfjord var på veg heim frå Førde då han såg og filma det han er sikker på var ein ubåt. No står han fram i ein ny nettdokumentar om saka.

Frank Vik frå Dale i Sunnfjord var på veg heim frå Førde då han såg og filma det han er sikker på var ein ubåt.

FILMA OBJEKT: 21. mars i år fekk politiet og Forsvaret melding om ein mogleg framand ubåt i Dalsfjorden.

På ein videodokumentar på nettstaden aldrimer.no fortel Vik om opplevinga den 21. mars i år, og om at han varsla politiet om det han hadde sett.

– Eg svatt til fordi eg såg og reagerte på noko ute i sjøen. Eg såg det som for meg såg ut som ein ubåt, da, runde neset og sige innover, fortel Vik til nettstaden.

Undra over at dei ikkje sjekka

Først etter fleire purringar stadfesta Forsvaret at dei hadde fått melding frå politiet om observasjonen til Vik, og at dei også har vurdert bileta og videoen som dei fekk tilsendt.

– At dei ikkje reiser og sjekkar dersom det var ein ubåt, det synest eg er litt rart. Det seier litt om forsvarsevna vår, seier Vik i dokumentaren.

– Truverdig vitne

NRK har i kveld vore i kontakt med Frank Vik, men han vil ikkje uttale seg noko vidare om saka førebels utover at han stadfestar det som kjem fram. Lensmann i Fjaler, Åge Løset, slår fast at Vik er eit truverdig vitne.

– Vi fekk ei melding 21. mars om ein mogleg ubåtobservasjon i Dalsfjorden, litt aust for Dale. Vi fekk mellom anna sjå eit videoopptak av det som var ein ubåt i fjorden. Informasjonen formidla vidare vi til Forsvaret og vi bad dei vurdere og følgje dette opp, seier han til NRK.

Ifølge AldriMer.no vart observasjonen meldt vidare til vakthavande offiser ved Forsvarets operative hovudkvarter (FOH) på Reitan utanfor Bodø. Det var ikkje kjente norske eller allierte ubåtar i området då observasjonen vart gjort.

Utelukkar ikkje framand ubåt

Tidlegare forsvarssjef, Sverre Diesen, seier til NRK at det ikkje er tvil eller usemje om at det kan skje at framande land sine ubåtar er inne i Norske fjordar og farvatn.

– Det har skjedd, og det er vel grunn til å tru at det skjer framleis utan at det er enkelt å spekulere i kor ofte og kor mykje.Det er jo ikkje usannsynleg at ubåtar frå framande land ønskjer å gjere seg kjende i farvatnet for å skaffe seg erfaring med korleis det er å operere i desse farvatna, seier Diesen.

Sverre Diesen

PENSJONERT EKSPERT: Sverre Diesen var lenge Forsvarssjef i Norge.

Foto: Lynau, Jan Petter / VG

Han vil ikkje spekulere i den konkrete saka frå Dalsfjorden, men oppmodinga til framtidige vitne til ubåtaktivitet er klar.

–Det er all grunn til å oppmode folk langs kysten om å melde frå ting. Det har vore ein del slike observasjonar gjennom åra. Eg trur ikkje ein får noko definitivt svar på om det var ein framand ubåt i fjorden.