Hopp til innhold

Bilbergar: – Dette vil ta heile kvelden

Ein lastebil lasta med bilar køyrde utfor vegen og velta på Hemsedalsfjellet laurdag ettermiddag. Måtte ha kranbil for å klara bergingsjobben.

Vogntog med bilar på RV52
Foto: Jan Christian Jerving

– Her ryk nok laurdagskvelden min, ja, seier bilbergar Anders Frydenlund til NRK klokka 18 laurdag kveld.

Eit vogntog lasta med åtte bilar hamna utfor vegen og velta i grøfta på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet i Vestland fylke laurdag ettermiddag.

Først i løpet av nattetimane var vogntoget henta opp frå grøfta og vegen er no open for fri ferdsle, opplyser Vegtrafikksentralen.

Vogntog velta på Hemsedalsfjellet
Lastebil med bilar velta på Hemsedalsfjellet
Vogntog med bilar velta på Hemsedalsfjellet

– Det er stort sett nye bilar, og nokre av dei er nok dyre bilar. Eg ser blant anna to store, nye, elektriske BMW-ar og ein Porsche, seier bilbergar Frydenlund.

Ulukka skjedde om lag sju kilometer frå fylkesgrensa mellom Vestland og Viken.

Sjåføren skal ikkje ha blitt skada i ulukka. Vogntoget var på veg vestover.

Måtte heise ut bilane med kran

Først måtte bilane som stod i «andre etasje» løftast av med ei kran. Når det var gjort, må bilane i «første etasje» festast godt fast med stroppar før vogntoget kunne bergast opp frå grøfta.

– Bilane som står nedst får me ikkje ut, så dei må stå på hengaren når me bergar, seier Frydenlund.

Anders Frydenlund i Vangsgutadn

Anders Frydenlund, bilbergar hjå Vangsgutadn.

Foto: Jan Christian Jerving

Han rekna med at det blei midnatt før dei er ferdige.

– Vegen må truleg stengast heilt når sjølve vogntoget skal opp att på vegen. Men først skal me skal løfta av bilane på det øvste nivået, og då reknar eg med at me klarer å halda ope det eine køyrefeltet, seier Frydenlund.

Han fortel at nokre av bilane på lasteplanet har blitt skada.

Lastebil med bilar velta på Rv52 Hemsedalsfjellet
Foto: Jan Christian Jerving

Stor ryddejobb

– Det er ingen lekkasje frå bilen og ikkje meldt om nokon skadde, seier Håkon Myking i brannvesenet.

Politiet fekk melding om velten klokka 15.34.

Det er brei veg på staden og vanlegvis gul midtstripe, men på eit strekk på eit par hundre meter er asfalten «fresa ned», slik at underlaget minner om grus.