Naudetatane har rykt ut til staden. Det er framleis uavklart om føraren har kome uskadd frå uhellet. Det skal ikkje ha vore andre køyretøy involvert.
– Det er betydeleg dieselsøl på staden. Det er førebels uvisst om dieselen kjem frå sjølve bilen, eller om den er lasta med drivstoff, seier operasjonsleiar Espen Gulliksen til NRK like etter klokka 8.
Like før halv ni melder politiet på Twitter at sølet kjem frå drivstofftanken på lastebilen.
INNSATSLEIAREN: Erik Skjerdal seier det ikkje er fare for meir dieselsøl.
Foto: Noralv Pedersen / NRKInnsatsleiar Erik Skjerdal seier lastebilen har kome utfor asfaltkanten og følgt grøfta eit stykke.
– Det har leke ut om lag 60 liter diesel og noko hydraulikkolje. Eg vurderer det ikkje som noko risiko at meir skal lekke ut, seier Skjerdal.
Vegen var stengd medan bilberginga pågjekk. Lastebilen er no oppe av grøfta, men det har vore manuell dirigering på staden.
Klokka 10:55 melder politiet at vegen er open for fri ferdsel.
UTFOR VEGEN: Lastebilen har følgt grøfta eit stykke før den stoppa.
Foto: Noralv Pedersen / NRKSØL I VEGEN: Brannvesenet er på plass, saman med bilberging og politi.
Foto: Noralv Pedersen / NRK