Lastebåt med 13 ombord gjekk på grunn - mannskapet held seg framleis ombord

Ein lastebåt gjekk onsdag kveld på grunn ved Stabben, vest for Florø. Torsdag morgon ligg båten framleis på grunn, og sjølv om båten tek inn vatn har kapteinen sagt nei til å evakuere mannskapet.

Lastebåt på grunn

GJEKK PÅ GRUNN: Slik ser det ut ved havaristen ved Stabben fyr. Det er mange båtar i området og slepebåtar er på staden.

Foto: Nrk.no-tipsar

Den 105 meter lange lastebåten tok onsdag kveld inn vatn, men mannskapet på 13 har fått lenser på plass og har valt å halde seg om bord.

Operasjonsleiar Per Rimmen ved Sogn og Fjordane politidistrikt seier til NRK.no tidleg torsdag morgon at båten framleis ligg på grunn.

– Først var dette eit redningsoppdrag, men det er no definert som eit bergingsoppdrag. Det er no reiarlaget og forsikringsselskapet som må ta seg av det, seier han.

– Kor tid er det tenkt å dra båten av land?

– Det har ikkje blitt gjort noko forsøk i natt. Det vi har fått opplyst er at det er stor lensekapasitet om bord, og at dei vil sjå no når det lysnar om dei får båten av land, seier Rimmen til NRK.no.

Tek inn vatn

Grunnstøytinga skjedde eit par hundre meter sørvest for Stabben fyr. Ifølgje eit vitne som ser på båten frå land, er det snakk om ein stor sementbåt.

Det er 13 personar om bord, 11 av dei er utlendingar. Det skal ikkje vere snakk om personskade, opplyser politiet.

Operasjonsleiar Einar Vereide ved politiet i Florø sa til NRK.no tysdag kveld at den 105 meter lange lastebåten tek inn vatn.

– Men det verkar som dei har kontroll.

– Eit SeaKing helikopter er i lufta, men det er mest for å sondere i forhold til eventuell lekkasje. Ein slepebåt er på staden og ein større er på veg, sa Vereide til NRK.no klokka 22:30.

(Artikkelen held fram under biletet)

Redningsskøyta RS Halfdan Grieg låg natt til torsdag ved den grunnstøyte lastebåten

HJELP: Redningsskøyta RS Halfdan Grieg låg natt til torsdag ved den grunnstøytte lastebåten.

Foto: Redningsselskapet

Nær land

Det bles onsdag kveld frisk bris i området. Vinden står på frå aust-søraust. Det var fleire andre båtar i området rundt havaristen.

Pressesjef Andres Bang-Andersen ved redningssentralen for Sør-Norge opplyste til NRK.no at dei fekk melding om grunnstøytinga klokka 21:35.

– Båten har gått på grunn to kilometer utanfor Florø sentrum. Det er førebels ikkje meldt om lekkasje frå båten, sa han.

Seier nei til evakuering

Lastebåten heiter Conberria og var på veg frå Brevik til Spjelkavik. Det skal vere godt med ressursar i sjøen kring havaristen og kapteinen har oppgitt at han har kontroll.

– Vi har god kommunikasjon med kapteinen om bord. Båten står på grunn og per no veit vi ikkje kva som skjer vidare.

Klokka 23:50 opplyste HRS at skipet framleis står på grunn, men at ingen er evakuerte.

– Kapteinen har førebels takka nei til tilbodet. Det er teke pumper om bord, for det kjem inn litt vatn. Førebels er det ingen lekkasje ut frå båten.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lastebåt på grunn ved Stabben fyr

TEK INN VATN: Det har kome pumper om bord på lastebåten. Førebels er situasjonen under kontroll.

Foto: NRK.no-tipsar

Dykkar undersøkte skaden

Like etter midnatt melde Redningsselskapet at ein dykkar frå redningsskøyta Rs Halfdan Grieg har vore i sjøen og sjekka skaden.

Ein såg då føre seg at ein slepebåt som var kome til området ville prøve å trekkje båten av grunn.

– Mannskap som ikkje treng vere på båten, blir etter kvart tekne om bord i redningsskøyta, opplyste Redningsselskapet.

Ikkje mistanke om rus

I 05-tida torsdag morgon ligg lastebåten framleis på grunn, og ifølgje politiet vil ein altså vente med å forsøke å dra den av land.

Operasjonsleiar Per Rimmen i politiet seier dei har hatt mannskap om bord for å snakke med mannskapet. Førebels kan dei ikkje seie noko om årsaka til grunnstøytinga.

– Politiet har vore om bord og snakka med skipper og dei som var på brua på dette skjedde. Det er teke alkotekst, og det vart ikkje utslag, dermed er det ikkje mistanke om ruspåverknad i dette tilfellet.

– Vi skal undersøke saka vidare, og det blir oppretta saka. Det vil bli gjort avhøyr i saka, og så får vi sjå kva konklusjonen blir, seier operasjonsleiaren.

Stabben fyr kart
Foto: Statens kartverk