Hopp til innhold

Her skal den nye fylkesmannen gjere seg viktige tankar

LEIKANGER (NRK): Lars Sponheim hadde i dag sin første dag på kontoret som fylkesmann for Vestland fylke.

Fylkesmann i Vestland, Lars Sponeheim

UTSIKT: Frå kontoret sitt på Leikanger har fylkesmann Lars Sponheim utsikt over Noregs lengste og djupaste fjord. – Eit fantastisk fint kontor, med utsikt over Sognefjorden. seier han.

Foto: Kaia Viki / NRK

– Her skal det gå an å gjere seg viktige tankar.

Slik ynskjer Lars Sponheim (61) velkomen til sin første arbeidsdag som fylkesmann i Vestland fylke.

Ved nyttår vart fylkesmannsembeta i Hordaland og Sogn og Fjordane slått saman til Fylkesmannen i Vestland.

Fylkesmann i Vestland, Lars Sponheim

SPESIALISERING: Fylkesmann Lars Sponheim trur embetet vil levere betre tenester etter samanslåinga. – Folk blir meir spesialiserte på det dei jobbar med, det aukar kvaliteten og det faglege nivået vi held på med. Det er hovudargumenta for å lage større regionar, seier han.

Foto: Kaia Viki / NRK

– Eg er spent på å komme i gang med eit nytt embete i eit nytt fylke, men frå før har eg jo god trening i å vere fylkesmann. Samstundes blir jobben meir omfattande, seier Sponheim.

– Krevjande og utfordrande

Den tidlegare partileiaren, stortingsrepresentanten og statsråden for Venstre har sidan 2010 vore fylkesmann for innbyggjarane i 33 kommunar i Hordaland. Med ytterlegare 26 kommunar til, blir det eit langt større fylke å ha ansvar for.

Etter eit halvanna år med forhandlingar vart det klart at hovudsetet skal ligge på Leikanger, men at det også blir tilsette i Bergen og Førde. Sjølv bur Sponheim på Voss, midt mellom Bergen og Leikanger.

– Avstandar er krevjande og geografi er utfordrande, men så blir det også større apparat til å handtere det. Eg ser berre positivt på moglegheitene som ligg der, seier han.

Twist og peparkake

Assisterande fylkesmann i Vestland, Gunnar O. Hæreid

GLER SEG: – Det er alltid spennande å få ny sjef, men når han er blitt kjend med oss og vi med han, så tenkjer eg det vil gå veldig bra, seier assisterande fylkesmann, Gunnar O. Hæreid.

Foto: Kaia Viki / NRK

Tilsette ved Statens Hus på Leikanger vart på årets første arbeidsdag ynskt velkomne tilbake på jobb med Twist og peparkake. Mellom andre assisterande fylkesmann, Gunnar O. Hæreid.

– Eg er mest spent på korleis det går framover når vi skal jobbe saman. Då ser vi skilnader og likskapar på kultur og arbeidsmåtar, seier han.

Seniorrådgjevar Marit Lunde i kommunalavdelinga trur dei tilsette vil merke overgangen meir enn innbyggjarane.

– Dei som har direktekontakt med fylkesmannen vil nok merke det litt, men det er dei same folka som jobbar her og vi skal prøve å hjelpe like godt som før, seier ho.

Viktige arbeidsplassar

For Leikanger har fylkesmannsembetet betydd kjærkomne kompetansearbeidsplassar.

Jon Håkon Odd

VIKTIG: Jon Håkon Odd (Ap) er ordførar i Leikanger.

Foto: Noralv Pedersen/NRK

– Dette er arbeidsplassar som er viktige ikkje berre for Leikanger, men for alle kommunane i Sogn og Fjordane, seier ordførar Jon Håkon Odd (Ap).

– Kva er dine forventningar til den nye fylkesmannen?

– Eg trur det er viktig at han tar med det beste frå Sogn og Fjordane og Hordaland. Her i Sogn og Fjordane har vi vore vane med ein fylkesmann som har tatt aktivt del det samarbeidet mellom stat og kommune, og som har tatt ein viktig plass når det gjeld samordning av beredskapsarbeidet og samstundes vore ein viktig premissgivar for utviklingsarbeid i dei små kommunane i Sogn og Fjordane, seier Odd.

Litt her, og litt der

Sponheim ser føre seg ein variert arbeidskvardag, med meir reising enn tidlegare. Både til Bergen, Leikanger, Oslo – og kring om i fylket.

2019 blir eit spesielt år, då både kommunar og fylke skal slå seg saman til 2020. I tillegg er det valår.

– Erfaringsmessig vil det reise seg mange spørsmål som kommuneadministrasjonane og andre har til reglane og korleis ein skal handtere dette. Når embetet no er slått saman, så er vi klare til å gjere jobben og ikkje treng å bruke alle krefter på å organisere oss, seier han.