– Eg har berre gode minner frå tida i Bergen, og gler meg til å sjå alle på Stadion igjen, seier Lars Arne Nilsen til NRK.
Laurdag står han atter på sidelina på Brann Stadion, men denne gang med treningsklede med Aalesund-logo.
Han fekk sparken frå Brann i august, etter kampen mot Vålerenga i 12. runde. Då låg Brann på åttandeplass på tabellen.
13 kampar seinare har Brann vikla seg ned i nedrykksstriden.
På telefon frå Ålesund er Nilsen lite lysten på å kommentere kva som gjorde at han mista jobben.
– Det vil eg ikkje snakke om. No gjeld det å fokusere på framtida med AaFK.
– Men hadde Brann vore i nedrykksstriden om du framleis hadde vore trenar?
– Det har eg ikkje tenkt å kommentere, seier han.
AALESUND: Turen frå Brann og Bergen gjekk vidare til Aalesund. Dei ligg på sisteplass, men kan laurdag vere med på å dra Brann med seg ned i 1. divisjon.
Foto: Svein Ove Ekornesvåg / Svein Ove EkornesvågHåper Brann klarer seg
Botnlaget AaFK verkar botnlaus fortapt nedst i Eliteserien. Vinn dei i Bergen laurdag kan dei ta bidra til å dra med seg Brann ned ein divisjon.
Men det håpar ikkje gamletrenaren på.
– Eg håper verkeleg Brann klarer seg. Det er viktig både for meg og for norsk fotball. Men i morgon vil vi gjere alt for å vinne.
Han vil ikkje gå inn på kva han tenker er årsaka til at Brann ikkje klarte å etablere seg som eit topplag under hans leiing, men seier det sjølvsagt er ting han ville gjort annleis i sine seks år i klubben.
– Men dette er ikkje tida til å vere etterpåklok. No er det viktigaste det prosjektet eg har byrja på her i Ålesund.
SPARKA: 3. august var Lars Arne Nilsen ferdig som Brann-trenar.
Foto: Marit Hommedal / NTB scanpixRetur til Stadion
Som Brann-trenar opplevde han stor medgang og motgang. Lars Arne Nilsen trente Brann til opprykk, sølv og bronse i Eliteserien.
Han hevdar han ikkje har tenkt på korleis returen til Stadion vert.
– Eg håper og trur at eg vert godt teken imot av publikum. Eg vert litt skuffa om eg ikkje blir det, og håper det ikkje er «bad feelings».
– Er du nøgd med jobben du gjorde i Brann?
– Hehe ... det må nesten andre svare på, seier han.