Hopp til innhold

Lars Arne Nilsen får halde fram som trenar i Brann

BRANN STADION (NRK): Mange har ropt på trenarens avgang etter ein elendig sesong for Brann, men Lars Arne Nilsen har tillit på Stadion. – Vi har bestemt oss for å snu dette saman.

Eliteserien fotball: Brann -Haugesund.

OPPTUR OG NEDTUR: Lars Arne Nilsen tok SK Brann opp frå 1. divisjon og direkte til seriesølv i sine to første sesongar. I 2018 sikra han Brann ein bronse, men denne sesongen hamna Brann heilt nede på niandeplass.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Ein elendig haustsesong for Brann har gjort at fleire har kravd endring på trenarplassen i SK Brann.

Spesielt avslutninga har gjort at mange har spurt seg om trenar Lars Arne Nilsen er rett mann til å leia Brann vidare.

Brann tapte 0–6 borte mot Strømsgodset og 1–5 mot Viking heime i Bergen på dei to siste kampane.

Med ti sigrar, ti uavgjorte og ti tap hamna Brann på ein verdilaus niandeplass, etter berre ein siger på dei ti siste kampane.

Derfor var det kanskje overraskande for fleire at styret i Brann i dag kunngjorde at Lars Arne Nilsen får halde fram som trenar i klubben.

– Vi skal snu dette saman

– Nilsen har styrets tillit og vi har tru på at han kan snu og forandre dette, slo styreleiar Eivind Lunde fast på ein pressekonferanse klokka 14.00.

– Vi har bestemt oss for å snu dette og stå i dette i lag. Vi skal bli eit betre lag enn vi har vore i år, seier Lars Arne Nilsen til NRK.

– Men det har vore snakk om tillitskrise mellom spelarar og trenar, og mellom supporterar og trenar. Kva vil du seie til dei som ønskte seg endring?

– Eg forstår dei, men det vil gi oss eit løft om vi kan snu motgang saman. Det kan vi klare, basert på dei samtalane eg har hatt med spelarane.

Sølv og bronse

Lars Arne Nilsen tok over SK Brann våren 2015, då laget låg i 1. divisjon etter eit hjarteskjerande nedrykk sesongen før.

Svenske Rikard Norling fekk sparken etter at Brann vart banka 4–1 borte mot Levanger. Då sesongen var over hadde Nilsen ført Brann opp igjen i Eliteserien.

I sin første heile sesong førte han bergensarane til eit sensasjonelt seriesølv. I 2018 leia han Brann til bronse i Eliteserien, men det har altså gått langt tråare i år.

– Vi veit at han er ein god trenar, men vi er ikkje nøgde med sesongen i år. Men vi står samla bak sesongevalueringa og vil ha Nilsen med oss vidare. Det er eit samrøystes styre som står bak, seier Lunde.

Eliteserien fotball: Brann - Viking (1-5).

LITE Å JUBLE FOR: Brann avslutta sesongen med 1–5 heime mot Viking på Stadion.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

– Vi har ein god garderobe

Brann-trenaren fekk fleire spørsmål på pressekonferansen om medieoppslag, der Brann-laget skal vera splitta i synet på om Nilsen bør få halde fram eller ikkje.

– Om spelarane evaluerer ein trener, er det sjeldan at meir enn halvparten vil ha han vidare, seier Nilsen, og meiner manglande speletid vil gjere at spelarar vil byta trenar i alle klubbar.

– Slik eg vurderer det, har vi ein ekstremt god garderobe. Me har mange eldre spelarar og nokre av dei er på veg vekk. No er det nye spelarar som må melde seg på og vi skal gjere dette saman. Dette gjer oss sterkare, la Nilsen til.